Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer eit samfunn der me alle har gode liv utan å øydeleggja framtida for barn og barnebarn. Vårt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. For å nå dette må me ha livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar og sirkulærøkonomi. Økonomisk vekst må vera underordna økologisk berekraft, og all utvikling skal fremja fred og rettferd, lokalt og globalt.