Fotocredit:

Samarbeid mellom herad og næringsliv for Kvam vidaregåande skule

Miljøpartiet Dei Grøne i Kvam ser på Kvam vidaregåande skule som den viktigaste satsinga i lokalsamfunnet for å sikre ungdom god utdanning og lokalt næringsliv relevant arbeidskraft og som ei drivkraft for heile lokalsamfunnet.

10. mars, 2020

Den vidaregåande skulen er ein hjørnestein for lokalsamfunnet og bidreg til at Kvam er ein attraktiv stad å bu. Skulen er viktig sosialt og vil vere viktig i eit kreativt og aktivt kulturliv og for å skape eit allsidig fritidstilbod for ungdom. Lokalt utdanningstilbod er ikkje minst avgjerande for ungdom som ikkje er heilt klare for å flytte heimanfrå etter ungdomsskulen.

 

Heradet og næringslivet må arbeida i lag for å få større breidde i utdanningstilbodet. Vidaregåande utdanning må verta knytt nærare opp til det lokale næringslivet, og ha som mål å utnytta områdefordelar, lokale ressursar og å vidareutvikla grøne arbeidsplassar. Samarbeidet om å tilby fleire lærilingeplassar må vidareutviklast og styrkast. Ein god vidaregåande skule kan sikre næringslivet relevant arbeidskraft og utvikle arbeidsplassar.

Kvam herad og næringslivet må halda oppe trykket og visa engasjement og kreativitet for at dei nye skulebygga vert realiserte så snøgt som mogeleg.