Årsmelding for 2021

Årsmelding 2021

2021 har vore nok eit år prega av korona-situasjonen, men i mindre grad enn 2020. Styret har hatt fokus på deltaking i stortingsvalkampen. Elles har arbeidet i heradsstyret vore i sentrum.

Heradsstyregruppa
Natalia Golis og Kari Mostad er heradsstyrerepresentantane våre i perioden. Natalia er også medlem i fylkestinget og har verv som fylkesvaraordførar, og Kari er difor gruppeleiar for heradsstyregruppa. 1. vara Otto Thillmann har møtt på 2 av heradsstyremøta, Bjørn Lingener og Anna Mo-Bjørkelund på eitt møte kvar. Kari har møtt på 7 av 8 møte. MDG v/ Kari har fast plass i formannskapet og har møtt på 6 av 7 ordinære møte og 2 arbeidsmøte om budsjett i tillegg til eigarmøte i Hardangerbadet, Hardanger AKS og Kvam kraftverk/ Kvam energi. I samband med kvar møtebolk har det vore gruppemøte. Gruppemøta har vortne gjennomførte på Teams/telefon og representantar og vara er inviterte saman med delar av styret. 2. vara: Linda Lid, 3. vara Bjørn Lingener, 4. vara Ingunn Teigland, 5.vara Anna Mo-Bjørkelund. Gruppemøta fungerer godt og alle vararepresentantane. har deltatt på minst eitt gruppemøte. 

Politisk arbeid i 2021:
Vi har hatt innspel og engasjement i mange saker og hatt størst fokus på arbeidet med klima- og energiplanen som vart vedtatt i 2021. Gjennomslag i budsjettet: medlemskap i Klimapartnere Vestland for Kvam herad vart endeleg vedtatt, 2 mill til enøktiltak i heradet og 1 mill i støtte til investering av solcelleanlegg i næringslivet/landbruket.

Årsmøte
Det vart halde årsmøte på teams 11. februar. Årsmøtesaker og tema solstraum, innlegg ved Ask Ibsen Lindal. Valkampansvarleg Lisa Nøttseter hadde motivasjonsinnlegg om  valkampen.

Styret
Ingunn Undrum leiar, styremedlem Kari Mostad, Ann-Mari Byrkjeland (ny), Bjørn Lingener og Nick Christensen. Vara: Knut Njaa og Oddvar Soldal 

Styremøter
Det vart halde 6 styremøte i 202, både digitalt og fysisk, og kombinasjon. Styret har hatt styremøte i forkant av dei politiske møtebolkane. Styret var i praksis også fungert som valkamputval. 

Medlemsmøte: 21.01. med tema programarbeid, 05.06. dørbankopplæring med Lisa frå Bergen og sommaravslutning på Holmsund, 21.08. Besøk av listetopp Arild Hermstad, dørbank, appell v/Arild, pizza på Øvreviken med lokallaget, ope møte om landbruk om kvelden. 04.11. budsjettarbeid og Natalia Golis snakka om korleis jobba lokalt med budsjett. Deltatt på evaluering av valkampen.

Medlemmer: 26, ein mindre enn i fjor.

Økonomi: på konto kr 21866,14
Trass aktiv valkamp, har me nytta lite pengar. kr 10 000 var overført til valkampen på fylket. Besøkt av 1. kandidat kr Arild Hermstad inkludert medlemsmøte med pizza kosta ca 2400.

Inntekter: statsforvaltar: kr 5119, Kvam herad kr 4750, medlemsinntekt og gåve MDG kr 3747, gave kr 1314. Totale inntekter kr 14930. 

Valkampen – Stortingsvalet 2021

Lokallaget har stort sett halde seg til partiet sin valgkampstrategi, som var tydeleg på at ressursane skulle brukast i byar. Me hadde i utgangspunktet ikkje planar om å bruk ressursar på å stå på stand, men sidan alle andre parti var på stand, mobiliserte me.

Til saman 14 stands er gjennomført i Norheimsund, Øystese, Ålvik og Strandebarm.

Dørbank: Opplæring med Lisa i Norheimsund 5. juni. 29 og 21. juni i Rosshagen og Torebøen og i Bergen 11. august.

Me arrangerte besøk av Arild 27.august: bedriftsbesøk, husbank og appell frå Arild.  Hordaland Folkeblad kom og skreiv i avisa. Me hadde pizza med lokallaget.

Lesarinnlegg: – Dette er eit klimaval, – Landbruk treng ein havarikommisjon, – innlegg om Lingalaks sin ‘stolte forvaltning’ av Hardangerfjorden, – svar til Senterpartiet (på Lingalaks-innspelet), – svar til Sørnes (unyansert og ukunnig angrep på MDG), – svar til Huus (innlegg som angrep MDG – utan å få gjensvar på dette) . 

Aviser vart delt ut  3 gonger, ca 1000 eks.

Gjennomført spørjeundersøking ved Kvam vidaregåande skule.

Politisk arbeid
Fylkesårsmøte: 2 medlemer deltok og spelte inn fleire forslag til nytt program vedrørande oppdrett ut frå resolusjonar vedtatt på årsmøte.

Digitalt landsmøte : Natalia Golis
Andre lesarinnlegg: Høyringsinnspel til Ullensvang sin kommuneplan
Oppslag i media v/Natalia om reduksjon i eigedomsskatt ikkje er sosialt rettferdig, men når dei med mest midlar frå før.
Styret (Ingunn og Kari) deltok på arbeidsmøte i Bergen om budsjettarbeid. Det vart sendt inn innspel til budsjett 2022.