Kvam har ein klimajobb å gjera

Une Bastholm, stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne, har spurt stasråd Ola Elvestuen om korleis det står til med kommunane sine klima- og energiplanar. Svaret er nedslåande: Meir enn åtte av ti kommunar manglar ein klimaplan som er integrert i kommunen sitt arbeid. I Kvam har me ein klimaplan som går ut på dato, planen har sjeldan vorte brukt i heradet sitt arbeid.

12. august, 2019

Det hastar å auka takten i klimapolitikken, men det viser seg at det skortar på statlege krav til kommunane. Då må lokalpolitikarane gjera jobben sjølve. Ofte vert me i Dei Grøne latterleggjort når me vil ”redda verda” heimefrå. Svaret vårt er at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera meir. Og ikkje minst: Me kan gjera mykje meir enn i dag.
Miljøpartiet Dei Grøne i Kvam lovar å gjera framlegg ein ny kommuneplan for klima, miljø og naturmangfald. Alle desse viktige utfordringane heng nøye saman, også lokalt. Me skjønar godt at folk vert bekymra når dei høyrer om massedød blant insekt, dyr og planter.
Berre i Noreg er no 2000 artar utryddingstruga. Dei siste åra har regjeringa svekka lovverket mot skadelege naturinngrep og oversett faglege råd frå miljøforvalting og miljøorganisasjonar. Strandområde, dyrka mark og viktige naturområde har vorte omdisponert også i Kvam.
Ein kommuneplan for klima, miljø og naturmangfald må ha eit arealrekneskap for heradet. Føremålet er å kartleggja og sikra eksisterande naturverdiar og i tillegg avklara kva naturtypar som bør tilbakeførast eller restaurerast. Dei Grøne skal vera naturen si stemme i lokalpolitikken. Me vil ha naturområde for folk, planter og dyr i tettstadane, ha dyrka mark i produksjon, verna friluftsområde, våtmarker, vassdrag og villmarker. Valet i år er eit klima- og naturval og eit val for artsmangfald. Stem på Miljøpartiet Dei Grøne som lovar å arbeida for lokale løysingar på globale problem.
24. juli 2019
Miljøpartiet Dei Grøne, Natalia Golis, nr. 1 på lista i Kvam og i Vestland.
Kari Mostad, nr 2 på lista i Kvam