Fotocredit:

Kvam MDG politisk workshop for langtidstrategi

Kvam MDG hadde ei god økt med politisk workshop før jul i høve det pågåande arbeidet i partiet for langtidstrategi
Langtidsstrategien skal:

  • Gje MDG ein felles visjon og ambisjon fram mot 2025
  • Ha mål for partiets politiske og organisatoriske utvikling fram mot 2025
  • Avklare viktige veivalg for hvordan MDG skal nå disse målene

Vi vart ikkje ferdige med workshopen og setter av ein kveld til for vidare drøfting.

14. januar, 2020

Fokus vert:

  • Kvifor MDG? kvifor partiet er viktig i perioden som kjem
  • Kven er vi og kven vil vi samarbeide med?
  • Mål og konkrete målsettingar for oss dei neste fem åra
  • Grep for å nå måla; veival for dei neste fem åra som kan gjere det mogleg å nå måla.

Kort oppsummering frå workshop i desember

Klima og klimakrisa må vere sentral i politikken.
Næring/næringsliv, grønne jobber,

  • landbruk, arealbruk
  • vindkraft på land/sjø?
  • beitedyr og dyrking av menneskevegetabiler
    *treng kunnskap og gode døme, kva er mogleg? Døme REKO-ringen
  • biologisk mangfald, rovdyrvern

Tydeleggjere kva det grøne skiftet er, korleis kommunisere det.

  • Norge må ha klare mål for utsleppsreduksjon/stopp av fossile utslepp, må vere noko alle er opptatt av
  • distriktspolitikk

MDG må vere synleg og ha ein god måte å kommunisere sine standpunkt på.
Kommunikasjon av politikken og behovet for endra forbruk

  • spenningen mellom grønn økonomi og vekst
  • sosiale modeller for å sikre verdiene i fellesskapet jf globalisering og skatteflukt
  • dilemmaet mellom velferd og forbruk
  • MDG som systemkritisk parti
  • sosial klimapolitikk, korleis unngå at dei med dårligst råd vert taparar
  • politikk for at det skal vere enkelt/mainstream å leve miljøvennleg, ta gode val

Helsepolitikk, næringspolitikk, landbruk; område som henger sammen og underbygger hverandre.

  • Psykisk helse,
  • materialisme,
  • kjøpepress – særlig i forhold til ungdom

Mvh

Kvam MDG

Kari Mostad, Otto Thilman og Ingunn Undrum