Kvam herad meiner vi i framtida må endre energikjelda frå fossilbasert til fornybar energi. Det må vera basert på meir effektiv utnytting av eksisterande vasskraftanlegg og anna energiøkonomisering. Skal det i tillegg byggjast nye anlegg for energiproduksjon kan solkraft og vindkraft vera aktuelt når det ikkje tek i bruk naturområde.
Vindmølleanlegg krev svært store areal inngrep og vil verte markant og skjemmande. I tillegg kjem naturinngrep av tilhøyrande infrastruktur som vegar og kablar. Analyseområde 17 omfattar store deler av Kvam herad, og er det største samanhengande uberørte naturområde med fjell og fjord i Hordaland. Det er svært viktig for naturmangfald og friluftsliv.
Kvam er ein stor hytte- og reiselivskommune og naturkvalitetane er ein grunnleggande verdi for innbyggjarar og tilreisande. Naturkvalitetane er også utgangspunkt for opplevingsøkonomien som kommunen satsar stadig meir på. Nyleg har Olje- og energidepartementet avslått konsesjon for omsøkt kraftutbygging i Øystesevassdraget på grunn av store naturverdiar i området. Kvam herad har nylleg utarbeidd ein kulturminneplan for kommunen, der deler av området er på «gul liste» innanfor tema utmark og kulturlandskap.
Vindmøller slik det NVE her planlegg for gjev store inngrep i naturen og viktige kvalitetar og ressursar som Kvam herad forvaltar. Kvam herad ynskjer difor ikkje vindkraftindustri i fjord- og fjellområde kommunen vår eller i nærliggande kommunar. Desse fjellområda må tilhøyra ålmenta som urørte naturressursar og område for friluftsliv og rekreasjon framover. I tillegg til å ha ein stor vitskapleg verdi som urørte naturområde, kan andre deler nyttast til rekreasjon, reiseliv, landbruk og sjåast i samanheng med landskapsvern og vern gjennom bruk. Dette storslåtte fjellområdet må ikkje øydeleggjast av vindmølleanlegg og fleire kraftleidningar og anleggsvegar.
–Kvam herad meiner at analyseområde 17 må trekkast ut av det vidare arbeidet med nasjonal ramme for vindkraft.