Vil gjera det lett å vera miljøvenleg

Klimautfordringane må løysast både lokalt og globalt. Den grøne politikken er enkel: Eit moderne samfunn som utviklar seg utan å rasera naturgrunnlaget.

2. september, 2015

- Det grøne skiftet går for sakte, og skiftet må
også skje i distrikta og frå grasrota, seier Kari Mostad,
kandidat nr. 1 på MDG si liste til heradsstyret
i Kvam.
‐ Eg har alltid vore samfunnsinteressert og var
tidleg med i arbeid for miljøvern og økologisk
landbruk. Men det var då ”monstermastene” vart
reiste langs fjorden og styresmaktene om lag samstundes
tok fram att planane om oljeboring i Lofoten,
eg tenkte ved det siste stortingsvalet: Kva
skal eg gjera ? Eg har ingen å stemma på! Dermed
vart det Miljøpartiet Dei Grøne for meg.
Det har Kari ikkje vore aleine om. MDG har hatt
ei formidabel utvikling sidan førre kommuneval.
MDG stiller no lister i 203 kommunar medan dei
for 4 år sidan stilte lister ixx kommunar.
Partiet rekrutterer mange som ikkje ser på seg
sjølv som partipolitikarar. – Det er spennande! I
MDG har vi eit mål om å vere annleis politikarar,
vi har ikkje ‘meir og større’ som valsak, men moderasjon
og grøn omlegging. For lokalsamfunna
vil det vere ein fordel å vere i forkant av utviklinga.
I kommunepolitikken skal dei store orda i programmet
(side 4 og 5) dragast ned og plantast
i Kvam. Det er naturleg å ta til med dei grunnleggjande
ressursane: Jord, fjord, skog og utmark
med elvar og bekkar.
I den kommunale verksemda må alltid klimanøytrale
energiformer vurderast. Me kan starta med
transport og oppvarming.
Partiet går bokstaveleg tala inn for snarvegar for å
få betre miljø. Gang- og sykkelvegar må verta den
kjappaste, enklaste og tryggaste måten å komma
seg fram på.
Kvemmingane kjenner nok Kari best som dagleg
leiar i Grannehjelpa. Det gav ho eit vidt perspektiv
på frivillig arbeid.
-Frivillig arbeid er eit utruleg viktig lim i samfunnet
vårt! Og me er i utgangspunktet gode på
dugnad her i Kvam, det vert gjort mykje godt frivillig
arbeid.
Grannehjelpa er viktig for «ny» frivilligheit og for
grupper som ikkje så lett organiserer seg sjølve,
t.d. flyktningar. Mange av oss vil oppleva at det
er gjevande å ha kontakt med dei som kjem som
flyktningar. Det vert eit kortreiste møte med framande
kulturar.
Vårt parti meiner at alt ansvar for mottak av flyktningar
må vera ei kommunal teneste med integrering
og ”ut i arbeid” som politisk mål. Partiet
vil arbeida for at fleire flyktningar slår seg ned i
Kvam, dei representerer ressursar i lokalsamfunnet.
- Det blir spennande å få vere med og forme
Kvam i framtida, seier 1. liste kandidaten. Det er
mange viktige tema å ta fatt på!