Viktige næringsstoff frå smoltproduksjon går rett i fjorden

To smoltprodusentar i Kvam, Hardingsmolt AS i Tørvikbygd og Biofish AS i Ljonesvågen søkjer om å få utvida produksjonen sin slik at fisken kan verta opp til 1 kilo før han vert sett ut i sjøen. I fylgje konsekvensutgreiingane frå Rådgivende Biologer AS vil den endra og auka produksjonen føra til at høgverdige avfallsstoff vert slept ut i fjorden. I dei teoretiske utrekningane frå Rådgivende Biologer vert det vist at det vert ei samla årleg ureining på 197,7 tonn Nitrogen, 21,25 tonn Fosfor og 317,2 tonn Karbon eller organisk stoff frå dei to anlegga. Den sjøklare fisken skal produserast i resirkuleringsanlegg på land. I eit slikt anlegg har ein i utgangspunktet kontroll på alt avfall og noko skal takast vare på, men det vert søkt om at mykje kan går rett i fjorden i eit røyr med diameter 400 mm.

18. november, 2020

Naturvernforbundet i Kvam meiner at alt avfallsstoff frå den landbaserte produksjonen er ein viktig ressurs som må takast vare på og nyttast. Døme på utnytting av slammet er å laga biogass, gjødsel til landbruket eller som jordforbetringsmiddel. Tilsvarande utslepp frå vanleg husdyrproduksjon og landbruk er ulovleg og kan verta straffa. Søknadane frå dei to verksemdene har vorte lagt ut til ettersyn og vert avgjort av Vestland fylkeskommune.
les meir i artikkelen om:
Uklare og ulike resultat i konsekvensutgreiingane frå Biofish og Hardingsmolt
Manglar ein god nok avfallsplan
i konklusjon:
Ureinar skal betala, alt avfall må takast vare på
I utgangspunktet ser Naturvernforbundet i Kvam positivt på at Biofish og Hardingsmolt har planar om å produsera smolt og større setjefisk opp til 1 kilo i resirkuleringsanlegg på land. Men me meiner det er lite framtidsretta å ikkje ta vare på ressursane som er i avfallstoffa. Denne teknologien og produksjon av store setjefisk på land er i startfasen. Fiskeridirektoratet har ikkje statistikk for kor mange anlegg som vurderer å gå over til slik produksjon. Statistikken for setjefiskproduksjon i 2019 viser at det årleg vert produsert 400.647.000 i 182 anlegg i Noreg. I Hordaland viser statistikken 49 anlegg med 72.282.000 fisk. Det er snakk om stor produsjon, mykje fôr og mykje avfall.
Når setjefisken vert større, treng slaktefisken kortare tid i sjøen for å veksa seg fram til rett storleik. Det kan vonleg føra til at oppdrettsnæringa treng mindre areal i fjorden og at nye område ikkje treng takast i bruk.
Uansett må kravet vera at ureinaren skal betala ved til dømes å innføra ureiningsavgift på ureininga. Deler av den avgifta kan brukast til å gje støtte til dei oppdrettarane som byggjer om til utsleppsfrie anlegg både på land og i sjø. Samstundes må avfallsressursen talast vare på og brukast.

Les hele artikkel her: Notat-om-oppdrett-pa-land-nov-2020.pdf

Les meir om Biofish: biofish-vil-produsere-ti-ganger-mer-smolt/

Frå: Naturvernforbundet i Kvam, v/ leiar Klaus Rasmussen,
skrivar Oddvar Soldal, Kyrhagen 32, 5610 Øystese  ( Oddvar er styremedlem i Kvam MDG)