Noko har skjedd med norsk landbruk. Norske husstandar brukar ein mindre del av inntekta på mat no enn nokon gong. Samstundes har den delen av statsbudsjettet som går til å støtta norsk landbruk, falle frå 5-6 til 1 prosent. For å kunna konkurrera på ein marknad som etterspør meir og meir kjøt til ein lågare og lågare pris, har norsk landbruk måtta effektivisera der dei kan. Det betalar dyra prisen for.
I Brennpunkt-dokumentaren på NRK, blir sjåarane tatt med inn i norske grisefjøs. Norunn Haugen gjekk ”undercover” i fleire år for å undersøka korleis situasjonen i norske grisefjøs eigentleg er. Verkelegheita var verre enn kva både ho og sjåarane hadde forventa.
Me såg sjuke dyr som ligg i mange dagar utan å bli behandla eller avliva, hanngrisar som vert kastrert utan tilstrekkeleg smertelindring, grisungar som blir avliva i strid med lovverk, og vaksne grisar som står i tronge båsar og angrip kvarandre i frustrasjon.
Berre ein av 100 norske grisar får grava i jorda og leika seg i søla, slik dyra er skapt til og likar. Medan pris og effektivitet blir vekta høgre enn velferda til dyra, blir resultatet eit system der korkje dyr eller bønder trivst.
I Miljøpartiet Dei Grøne er me opptekne av at dyra lever godt og at det kortreiste løysingar for produksjon og sal. Ei løysing er å kjøpa kjøt direkte frå ein lokal produsent, der du veit korleis dyra har hatt det, kva dei har ete og du kan snakka med bonden. Mobile slakteri kan også gjera siste reisa til dyra betre, samstundes som kjøtet verkeleg vert kortreist.
Landbrukspolitikken må leggja opp til at det må løna seg for norske bønder å ha færre dyr og betre dyrevelferd. Ansvaret for god dyrevelferd ligg fyrst og fremst hos bonden. Mattilsyn, organisasjonar og slakteri må ha betre kontrollrutinar. Me må ha ei produksjonsform som fungerer godt både for dyra, bonden og forbrukaren.
Natalia Golis
Førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Kvam og i Vestland
2019-6-26