Uttale frå årsmøte i Kvam

Stopp den omfattande kjemikalie bruken i havbruksnæringa!
Gjennom media er det avslørt ein skandaløs høg bruk av kjemiske stoff i kampen mot luseproblema i enkelte oppdrettsanlegg. Det siste nye frå desse oppdrettarane si side er såkalla «cocktails» som dei lagar sjølv og brukar i kampen mot lakselusa.
Bruken har vist seg å ha fatale konsekvensar for livet i sjøen. Det er mellom anna påvist omfattande hummar og kreps død som følje av slik giftbruk.
Dersom regjeringa tilet dette biologiske- og kjemiske eksperiment vil dei undergrava si eiga stortingsmelding på rekordtid! Og «Cowboyaktørane» i næringa undergravar truverdet til ei heil næring.
Ved ikkje å kontrollera og regulera slik giftbruk spelar regjeringa russisk rulett med det biologiske mangfaldet i havet. Dette er på ingen måte ein gangbar veg for å løyse lakselusproblematikken.
MDG krevjar betre kontroll og omgåande forbod mot bruk av slike heimeproduserte kjemibombar!

Januar 2017
Årsmøtet til MDG-Kvam

Villaks-genbanken må fullfinansieres no!
Fjerninga av løyvinga til genbanken frå statsbudsjettet for 2017 viser det kortsiktige perspektivet Vidar Helgesen og regjeringa har!
Gjennom fleire tiår har ein dokumentert at villaksen langsamt men sikkert er i ferd med å forsvinna frå dei norske vassdraga. Dette er bakgrunnen for at ein starta opp eit uhyre viktig arbeid med å etablera ein genbank for dei ulike laksestammane. Det kan ta 6-8 år å etablere ein fullverdi representativ genbank. Prosjektet er i gang og har fått stønad frå kommunar, fagfolk og ei samla miljø rørsle. Genbanken kan betraktast som eit viktig satsing knytt til Norges arbeid med å ta vare på naturmangfoldet. Dette er såleis ei viktig oppfølging av naturmangfaldloven, og våre internasjonale forpliktingar knytt til den internasjonale konvensjonen om biologisk mangfold (CBD).
MDG meiner det er korttenkt og sers uklokt av regjeringa å ikkje løyve dei 26 millionane som manglar til fullføringa av genbanken. Eigentleg burde sjølvsagt næringa sjølv betale for denne satsinga. Det er uforståelig at ikkje den enormt lukrative oppdrettsnæringa vert pålagt å ta kostnaden knytt til genbank satsinga.
Me krev at regjeringa set av dei nødvendige resursane for å vidareføra genbanken.
Januar 2017
Årsmøtet til MDG-Kvam