Fotocredit:

UTKAST Kvam herad handlingsplan

Her kan du se noen av klima- og energiforslagene som politikerne jobber med nå.

3. november, 2021

Planen er ikke vedtatt, men her er en samling forslag som kom fram under prosessen.
(Klikk på linken nedenfor for hele teksten.)
ENERGI
Overordna mål : Energibruken i Kvam herad skal i tråd med klimaplan for Hordaland, 2014 -2030, effektiviserast med 55% innan 2030 i høve til 2007. Energibehovet til alle føremål skal i størst mogeleg grad dekkast av fornybare energikjelder utan tap av naturmangfald.
F.eks:

  • Fleire ladestasjonar for elbil og biogasstasjonar og elektrifisering av alle båtar tilknytt oppdrettsnæringa.
  • Fleire fjernvarmeanlegg
  • Bruk av sjøvarme
  • Samarbeida om lokale løysingar for biogassanlegg basert på organisk avfall frå hushald, jordbruk, oppdrettsnæringa avlaup.
  • Meir bruk av solenergi/solcellepanel
  • Inngå straumavtalar som sikrar fossilfri energi

KLIMATILPASSING
Overordna mål: Planleggja for å førebyggja skadar pga klimaendringane.
F.eks:

  • ROS-analyse i alle plan og byggesaker, større krav til at klimaendringar, overvatn, CO2-utslepp, berekraft, biomangfald med meir vert tatt med i ROS-analysen
  • Rydda elvelaup og sikra fordrøyingsområde i landbruk og skogbruk
  • Unngå å fjerna myr som har ein vassregulerande funksjon
  • Planleggja – skoghogst må ta omsyn til klimaendringar, bærekraft, biomangfald, overvasshandering, flaumfare, skredfare med meir (følgjeskadar)

AREAL OG TRANSPORT
Overordna mål: Samordna areal- og planlegging skal redusera transportbehovet.
F.eks:

  • Leggja til rette for redusert transportbehov med bil (Verksemder med høg arbeidsplasstettleik i sentrum og arealkrevjande verksemder med lågt transport behov i utkantane)
  • Stimulera reiseliv som baserer seg på fossilfri transport
  • Gang og sykkelvegar mellom bustadområde og målpunkt
  • Sjå her: link til tabellene med spare forslag