Dei siste 12 åra har kvammaboset vorte transportert med bil til Bergen og BIR sitt avfallssystem. Å frakta tonnevis med avfall over Kvamskogen i fossilbil, er elendig miljøpolitikk. Men når sant skal seiast, har likevel mykje positivt skjedd med avfallshandteringa i løpet av denne tida.
Til dømes har tilrettelegginga for kjeldesorteringa vorte mykje betre sidan BIR forbarma seg over kvammaboset. No er det enkelt å kjeldesortera, og slik bidra til resirkulering av papir, plast, metall og glas. Det var skikkeleg merkbart då eg byrja å luka ut plasten frå restavfallet. Undersøkingar seier at plasten utgjer om lag 40% av den totale avfallsmengda. Minst det, tenkjer eg ut i frå eigne erfaringar.
Endringane i måten me handterer boset vårt, har altså endra seg kolossalt berre dei siste 15 åra. Når BIR no har laga seg ein langtidsstrategi og Kvam herad skal uttala seg om denne, er det viktig at heradet er offensivt og framtidsorientert. Med dei klima- og miljøutfordringar me i dag står ovanfor, er det klart at me også framover må vera offensive og endringsvillige i avfallshandteringa vår. Kvam Herad må krevja at leverandøren på dette feltet gjer det mogeleg for oss å få til vesentlege miljø- og klimaforbetringar. Rådmannen har lagt fram føljande forslag til vedtak i formannskapet: Kvam heradstyre har handsama BIR sitt utkast til Avfalls- og ressursstrategi (2016 – 2020) for dei lovpålagte oppgåvene BIR utfører for kommunen. Kvam heradstyre har ingen merknader til strategien og tilrår at den vert endeleg vedtatt av styret i BIR AS. Miljøpartiet dei grøne i Kvam meiner dette vert altfor tamt.
For sjølv om det er mykje bra i langtidsstrategien til BIR, som til dømes at det vert betre lagt til rette for kjeldesortering av hytteavfallet, så meiner me at Kvam herad må melda tilbake til BIR at me forventar at dei legg til rette for kjeldesortering i offentlege bygg, at dei jobbar for å oppretta brukthallar i alle kommunar, at dei tek grep om klimaproblema knytt til all køyringa av bos frå Kvam til Bergen, og sist men ikkje minst, at BIR raskt tek til med å finna gode løysingar med tanke på å samla inn matavfall frå privathushalda. Det er urovekkande at BIR legg opp til at det ikkje skal jobbast med løysingar for privathushalda sitt matavfall. Det er ikkje godt nok for oss i Kvam, og det må politikarane melda tilbake til BIR.
Gjennom ei slik melding vil politikarane i Kvam vera med på å trekkja BIR og vår eiga avfallshandtering, mot ein meir miljø- og klimavenlege praksis.
For Miljøpartiet dei Grøne.
Heidi Richardson