Sikre villaksen – Hardangerfjorden har ytt nok

2. desember, 2016

Regeringa forslår å kutte ut støtta til genbanken som er oppretta for å ta vare på det som er igjen av villaks-stamma i Hardangerfjorden i 2013. Det betyr at dei opprinnelege bestandane i fjorden står i fare for å forsvinne for alltid. Som vel kjend og godt dokumentert er villaks-stamma i Hardangerfjorden sterkt truga, det står dårleg til med den. Gjennom mange år har miljøbelastningane vore store, der rømming av oppdrettslaks og lakselus er det største trugsmålet. Ein stor del av villaks-stammane i Noreg står i fare for å forsvinne, og Hordaland er eit av fylka som er hardast ramma. For å sikre den opprinnelege stamma vart det set i gang eit arbeid med genbank for villsaks-stammer i fjorden for berre tre år sidan. Det er lagt ned eit stort arbeid for å samle inn biologisk materiale, også lokale aktørar har deltatt med dugnadsinnsats for å fange inn laks. I arbeidet med å fiske levende stamfisk i 2015 viste det seg at nær halvparten av laksen som var klekt i naturen hadde stor innkryssing av oppdrettslaks. Dette understrekar kor viktig det er å halde fram med dette arbeidet no. Etter naturmangfaldlova skal villaksen vere beskytta. Lova krev av at det vert sett i verk tiltak dersom artar, eller underarter av same art, er i ferd med å forsvinne frå norsk natur. Villaksen er beviseleg svært truga og regjeringa sitt forslag i det framlagte statsbudsjettet har ikkje legitimitet og må ikkje verte ståande. Hardangerfjorden er eit ikon som har ytt nok, vi kan ikkje sjå på at den vert fattigare. Me ynskjer at tilskotet til genbanken kjem inn att på Statsbudsjettet!
Vennleg helsing
Kari Mostad
MDG-Kvam
Bilde fra: http://forskning.no/fisk-havforskning-oppdrett/2010/11/rogn-pa-reise-skal-gi-laksesvar