Sikre bøndene inntekt til å leve av!

Matjorda er vårt eigentlege svarte gull. Ein økologisk, dyrevennleg og berekraftig matproduksjon står i sentrum av den grøne rørsla. IPPC sin siste rapport viser at klimaendringane er ein trussel mot global mattryggleik. I Noreg er sunn matproduksjon, biologisk mangfald og etiske grenser rundt husdyrhald allereie under sterkt press. Årets jordbruksavtale må sikre ei anstendig timeinntekt for alle bønder. Utan å oppretthalde eit minimum tal bruk i drift, kan ikkje jordbruksarealet oppretthaldast og målet om ei 20% auke i matproduksjonen (jf stortingsmeldinga ”Velkommen til bords” frå 2012) nåast. Miljøpartiet Dei Grøne vil nytta handlingsrommet innan tollvernet meir offensivt for å gje betre marknadsprisar for norsk landbruk og foredlingsindustri, på same måte som EU gjer for å verna sitt landbruk.
Miljøpartiet vil dessutan gje dyrkamark like strengt vern som utmark etter naturmangfaldlova og sikre kvaliteten på matjorda gjennom langsiktige og berekraftige produksjonsmetodar. Dessutan auke den nasjonale sjølvforsyningsgraden gjennom auka bruk av grovfôr i mjølk og kjøtproduksjonen. MDG vil også jobbe for alternative distribusjonskanalar som nisjebutikkar, kooperativ, andelslandbruk, gardsutsal og matnettverk som bygger bruer mellom bonde og forbrukar og i tillegg fremjar lokalprodusert mat og bevisstgjer forbrukarane om den reelle prisen på økologisk, dyrevennleg og berekraftig mat. Dei Grøne vil i tillegg ha betre merkingsordningar for dyrevelferd og miljøbelasting for gardsprodukt.
Dette er essensen i ein av dei ti resolusjonane som Miljøpartiet Dei Grøne vedtok på Landsmøtet førre helg i Sandvika som elles hadde stort fokus på klimaproblematikk og auka bruk av ikkje fossile energikjelde. 20 delegatar frå Hordaland, som er landets nest største MDG fylke, deltok på det fyrste landsmøtet MDG arrangerte som Stortingsparti.

For MDG Kvam
Kari Mostad