Rådmannen og ordføraren sine utspill på spørsmål til kontrollutvalet er kritikkverdig.

MDG har stilt spørsmål til Kontrollutvalet om handtering av areal til akvakultur ved Kvamsøy. Det har fått både rådmann og ordførar til å gå utanom vanlege kutyme for korleis ein forheld seg ved spørsmål til kontrollutvalet.

2. mai, 2019

Ordførar stadfestar trongen for å stille spørsmål til kontrollutvalet

MDG har stilt spørsmål til Kontrollutvalet om handtering av areal til akvakultur ved Kvamsøy. Det har fått både rådmann og ordførar til å gå utanom vanlege kutyme for korleis ein forheld seg ved spørsmål til kontrollutvalet.

Ordførar sitt utspel i HF tysdag 30.april, bekrefter at spørsmålet var naudsynt å stilla. Ordførar skriv m.a. at «Fleirtalet i heradsstyret ser det som viktig å tilretteleggje for at næringa finn det interessant og mogeleg å satse vidare i Kvam og Hardanger». Ordførar definerer her akvakultur som næring i Kvam, og gjer samtidig meiningsmotstandarar i heradsstyret til motstandarar av akvakultur som næring i kommunen. I handtering av arealplanen og avsetting av areal til oppdrett ved Kvamsøy er «utvikling av akvakultur» her vorte synonymt med «opne for akvakultur ved Kvamsøy». Det faktiske forholdet er at eit knappast mogleg fleirtal i formannskapet har gått inn for dette. Heradsstyret har aldri votert over akvakultur i Kvam.

Spørsmåla som er stilt:
I samband med prosessen kring arbeidet med kommuneplanen har MDG stilt fyljande spørsmål for vurdering til kontrollutvalet:
1. Kan rådmannen klandrast for handteringa av innlemming av Kvamsøy som akvakulturlokalitet då Lingalaks gjekk inn i Hardangerbadet?
2. Gjer rådmannen si handtering av saka rådmannen inhabil til vidare arbeid med areal til oppdrett ved Kvamsøy?
3. Hardangerbadet har tilsett 100% prosjektleiar gjennom firmaet ABO plan og arkitektur. Lingalaks har engasjert seg i Hardangerbadet, gått inn med pengar og planlegg visingsanlegg knytt til bygget. Er firmaet ABO-plan og arkitektur då habile til å gjere ei fagleg tilråding om å opne Kvamsøy for akvakultur?
4. Har rapporten [frå ABO] truverde som beslutningsgrunnlag?
5. Alle heradssytrerepresentantane med interesser i Hardangerbadet vart kjend inhabile då Hardangerbadet skulle vedtakast, grunna saka si storleik. Oppdrett ved Kvamsøy skapar stort engasjement og førte til omlag 10% av alle innspel i 2.høyringsrunde. Vil dei same representantane vere habile til å vedta å leggje ut areal til oppdrett ved Kvamsøy i kommuneplanen?
6. Er Kvammabadet KF fritatt frå offentleglova slik teknisk sjef hevder i sitt svar til HF?
7. Er måten Hardangerbadet og Kvammabadet KF er organisert på innafor det etiske regelverket kva gjeld habilitet?
8. Er vilkåra som heradsstyre vedtok 12.12.2017, sak HST- 080/17, då bygging av Hardangerbadet vart vedtatt, oppfylde? (grunngjevinga kan lesast på kvam.mdg.no)
Vi meiner ei vurdering utført av kontrollutvalet er viktig og riktig for å klargjere desse spørsmåla, og det er vår rett og plikt som folkevald å stille dei. Det viste seg at Hardangerbadet var ein del av problemstillinga og måtte med i spørsmålet for heilskapen. Vi stiller spørsmål om habilitet og framgangsmåte. Habilitet er styrt av kommunelova og forvaltningslova, i kva grad ein meiner eller kjenner seg inhabil er ikkje interessant.

Ugrei bruk av makt
Utspela i etterkant av at spørsmåla vart stilt, først frå rådmann og no frå ordføraren opplever vi vert til ei eiga sak som i seg sjølv bør vere eit tema for kontrollutvalet.
Vi finn det ugreit at ordførar nyttar rolla og makta si til å gje tyngde i påstanden om at vi gjev «ugrunna inntrykk av ulovleg samanblanding» ved vår spørsmålsstilling. Eit kvart spørsmål vil i seg sjølv kunne innebere ein påstand, insinuering eller kritikk. Vi meiner tolkingar som her er gjort er noko ein rådmann ikkje skal drive med, minst av alt i det offentlege rom.
I staden for å la Kontrollutvalet handsame saka utan innblanding, nytta rådmannen Kvam herad sine heimesider til å ta avstand frå det ho har tolka ut av spørsmåla og å legge ut anklager mot eit opposisjonsparti og enkeltpolitiker. Rådmannen si rolle er ein berande struktur i kommunen sin organisasjon, og det er viktig for tilliten at rådmannen har ei høg grad av rolleforståelse; då kommunen er ein politisk styrt organisasjon.
Vi opplever det som særs uheldig at ordførar nyttar tittel og maktposisjon til å hevde at lovleg stilte spørsmål er skuldingar, blander dette sammen med det politiske innhaldet og fremjer sitt syn som det korrekte. Det er og uheldig at han meiner det er rimeleg at rådmannen ikkje fyljer vanleg kutyme når kontrollutvalet skal arbeide. Han gjev støtte til rådmannen si dementering av eigne tolkingar, heilt utan å reflektere over om opposisjonen kan ha eit poeng eller at vi faktisk har rett til å stille spørsmål. Å ta lærdom av pågåande arbeid, anerkjenne innspel og andre perspektiv er viktig for dynamisk og god utvikling av kommunen.

Vis leiarskap!
Vi opplever at rådmann, og no ordførar nyttar makt og posisjon lite konstruktivt. Dei hever terskelen for å stille viktige spørsmål m.a. om habilitet. Dette er kritikkverdig. Vårt hovudinntrykk er at vi har ein hardtarbeidande, engasjert og svært dyktig stab på rådhuset som gjer ein kjempejobb.Vi forventer ei leiing som tek sitt leiarskap på alvor og viser vilje til å kontinuerlig vurdere god forvaltningspraksis, noko eit levande demokrati bygger på.

For styret i Miljøpartiet Dei Grøne i Kvam
Natalia Golis (1.kandidat til kommunevalet)
Lars Kristian Skår
Ingunn Undrum
Kari Mostad