Fotocredit: Arne Fykse

Program for eit grønare Kvam

Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse.
Økonomien skal vera underordna sunne økologiske prinsipp og fremja fred og rettferd både lokalt og globalt.
Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå målet.
Me tek mål av oss til å utforma ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggande
solidaritetsprinsipp: solidaritet med andre menneskesolidaritet med framtidige generasjonar og
solidaritet med dyr og natur. Sjå valprogramet her

28. august, 2015

Tema for Kvam MDG

Livskvalitet
Å satsa på ein grønare livsstil er eit privilegium me kan velja og ei utvikling me kan styra. Ei dreiing mot mindre forbruk gjev høve til å bruka mindre tid på arbeid og meir tid til å dyrka interesser og det som er viktig og skapar meining for kvar einskild.
Kjernen i den grøne politikken som MDG står for, er enkel: Økologisk berekraft på kort og lang sikt. MDG ynskjer eit moderne samfunn som utviklar seg utan å rasera naturgrunnlaget. Me ynskjer eit samfunn der grøne verdiar pregar alle sektorar og der alle menneske er viktige og vert verdsette. Målet vårt er at folk flest er involvert i lokalsamfunnet og har eigarskap til det som skjer.
Ynskjer du ei ny retning i politikken, der menneske, miljø og livskvalitet står i sentrum, er MDG partiet for deg.

- Det skal vera lett å vera miljøvennleg - 1. kandidat Kari Mostad