Øystese-vassdraget, ein lokal og nasjonal skatt!

Øystese-vassdraget er eit av dei siste store urørte vassdraga i Hordaland som renn fritt frå fjell til fjord.

2. februar, 2016

Gjennom arbeidet med verneplan 5 i 2009 vart dei store naturkvalitetane i området godt dokumenterte. Faginstansane ved Direktoratet for Naturforvaltning, Fylkesmannen i Hordaland og NVE var alle innstilte på vern mot kraftutbygging. OED overkjørte fagkompetansen i 2009 og sendte vassdraget på ein 6 år lang konsesjonshandsaming.
BKK har i mange år hatt planar om overføring av den øvre delen til Samnanger. I den nedre delen har lokale grunneigarar i lag med Kvam herad søkt om konsesjon til eit kraftverk like stort som BKK sitt.
NVE tilrådde konsesjon til begge kraftprosjekta i desember 2015, og OED skal ta den endelege avgjersla i 2016.
Ei utbygging og regulering i den øvre delen vil tørrleggja Øystese-vassdraget i store delar av året. Mindre vatn i sommarhalvåret vil utvilsamt vere slutten for dei lokale lakse- og aurestammar. Ei lokal utbygging i nedre del vil fjerna Ørredalsfossen som eit landemerke, og omskapa den frå ein skummande foss til ein vanleg bekk.
Miljøpartiet dei Grøne i Kvam ynskjer ikkje at konsesjon vert gjeven verken til det lokale kraftverket i nedre del, eller til BKK sitt anlegg i øvre del.
Hardanger og Hordaland er ein region sterkt prega av vasskraftindustrien. Sett i eit nasjonalt perspektiv har regionen ofra nok natur til storsamfunnet og kraftindustrien.
Miljøpartiet dei Grøne i Kvam ynskjer at enkelte vassdrag skal få renna fritt i all ettertid, og eit av desse bør vere Øystese-vassdraget.