Økologi og økonomi

Mennesket er avhengig av å nytte ut økosystemet på jorda for å leve. Det økologiske livsgrunnlaget er truga både av veksten i dei rike landa og av fattigdommen i andre delar av verda. Industrilanda har eit spesielt ansvar for å føre utviklinga i berekraftig retning, fordi velferda vår gir oss økonomisk handlefridom. Miljøtiltak kostar pengar, og for å få til ei berekraftig utvikling må vi først sikre dei livsunderstøttande økosystema for framtidige generasjonar. ( fra webside: http://www.miljolare.no/tema/forbruk )

4. september, 2015

Mennesket lever innanfor visse økologiske og gitte økonomiske rammer. Eit økosystem er summen av plante- og dyresamfunn i eit avgrensa område, og det miljøet av mineraler, gassar, organiske og uorganiske stoff som desse samfunna lever i. Eksempel på økosystem er eng, skog, insjø og fjordarm. Mennesket er avhengig av mange slike livsunderstøttande økosystem.

Grunnlaget for matproduksjon på jorda, er omdanning av solenergi til kjemisk energi i planter. Energien kan anten nyttast ut av mennesket direkte eller bli overført til oss gjennom kjøtt eller fisk frå planteetande dyr. Matproduksjon krev produktiv jord og mange variantar av foredla plante- og dyreartar. Gjennom fiskeria får vi eit viktig tilskott frå økosystema i verdshava når det gjeld å dekkje matbehovet i verda. Skogøkosystema i verda dekkjer grunnleggjande behov som mat, medisinar, brensel og bygningsmateriale, og sekundære behov som råstoff for papir. Vi gløymer ofte at alle husdyra, kulturplantene og dei andre levande organismane som blir brukte i produksjonen til menneska, stammar frå viltlevande artar. I framtida vil dei titals millionar viltlevande artane som finst på jorda, og som framleis er lite kjende, utgjere ein stor genetisk reserve for utnytting til mat, medisinar og andre produkt.

Mennesket er avhengig av å nytte ut økosystemet på jorda. I tillegg til å dekkje grunnleggjande behov som mat, brensel og husly direkte, har dei økologiske systema mange andre funksjonar som gjer planeten leveleg for mennesket. Økosystema er avgjerande for sirkulasjonen av ei rekkje livsviktige stoff, mellom anna vatn, oksygen, karbondioksid, nitrogen og andre næringsstoff. Skogane stabiliserer til dømes klimaet ved å ta opp og gi frå seg vatn og ved å binde karbondioksid frå atmosfæren. I tillegg absorberer skog mange andre typar menneskeskapte luftureiningar. Eit anna døme er at tilgangen på drikkevatn og vatn til jordbruksproduksjon i stor grad er avhengig av intakte økosystem.

Les mer….