Dei grøne vil gje borna meir fridom, leik og praktisk læring. Samstundes må lærarane få meir tid til å ta seg av borna. Dei grøne meiner skulen er til for borna, og skal gje borna grunnleggjande kompetanse, haldningar og verdiar som den enkelte og samfunnet treng og vil ha glede av. Me vil at alle skal få høve til å vera med i fellesskapet og gleda seg over læring, kritisk tenking og å løysa problem. Det vil føra til at elevane meistrar livet.
Lærarane er ryggrada i skulen. Dugande lærarar som har tid til å ta seg av elevane, er avgjerande for læring, tryggleik og sosial utvikling. Lærarane og andre tilsette må ha tid og fridom til å ta vare på kvar enkelt elev. Dei grøne vil syta for at me har nok lærarar og andre fagfolk og gje dei god tilgang til vidareutdanning
I Kvam vil Dei grøne:
-
Prioritera læringsglede og fri leik på fyrste trinn i barneskulen
-
Gje alle elevar god læring. Innføra eit gratis skulemåltid for alle elevane i grunnskulen
-
Gje større rom til praktiske arbeidsmåtar i alle fag
-
Sikra gode ute- og naturområde, og ressursar til å bruka desse i undervisinga
-
Gje lærarane meir tid til å vera lærarar ved å redusera krav til rapportering, dokumentasjon og testing.
-
Auka kvaliteten på SFO. Finna løysingar som kan føra til lågare eigendel i SFO og kulturskule. Sikra at familiar med dårleg råd ogsp deltek
-
Styrka arbeidet til helsesøster og utekontakten. Sikra førebyggjande hjelp til familiar som slit.
-
Prioritera trafikktryggleik, setja ned fartgrensa til 40 km/t i tettbygde strok og til 30 km/t ved skular og barnehagar
-
Sikra og styrka vidaregåande utdanning i praktiske og teoretiske fag i kommunen
-
Fylgja opp og dra nytte av fagskulen ved Hardanger fartøyvernsenter i samarbeid med det bygningsfaglege miljøet i kommunen
15. august 2019
Miljøpartiet Dei Grøne, Natalia Golis, nr. 1 på lista i Kvam og i Vestland,
Kari Mostad, nr 2 på lista i Kvam, Bjørn Lingener, nr 3 på lista i Kvam