Me må ta ansvar for naturmangfaldet

Naturindeks 2020 som er publisert av Miljødirektoratet 17.november i år, viser at naturen i Noreg er hardt pressa, og det er akutt trong for politiske tiltak for å oppretthalda naturmangfaldet.
Tilstanden for artar og økosystem i norsk natur blir meir og meir alvorleg.
Silje Ask Lundberg som er leiar Norges naturvernforbund, understrekar at nedbygging og intensiv bruk av natur øydelegg stadig meir naturmangfald i skog, i fjordane våre og i kulturlandskapet.

18. november, 2020

Gammal eik i eikeskogen ved Skeianeset fra grind.no
Gammal eik i eikeskogen ved Skeianeset mellom Fykse og Ålvik. (Svein Nord)

Naturvernforbundet i Kvam har gong etter gong vist til at heradet har ansvar for å forvalta naturen slik at naturmangfaldet ikkje vert forringa. Administrasjon og heradspolitikarar må få naturmangfaldet høgare på lista i planarbeidet. I herdsstyremøtet 10. desember skal planstrategien for Kvam herad for perioden 2020 til 2023 handsamast. Då har politikarane eit nytt høve til å ta ansvar.
Diverre er det ikkje naturen si tolegrense som styrer natur- og miljøforvaltinga. Den kortsiktige økonomiske vinsten har ein tendens til verta sett fremst når planane vert laga. Det gjeld både lokale reguleringsplanar og overordna kommuneplanar.
Naturindeks 2020 viser at det er omdisponering og endra driftsformer som gjer natur, vassdrag, fjordar og kulturmark meir artsfattige.
Dei siste åra har til dømes endringane i kulturlandskapet ført til at pollinerande insekt vert borte.
Storstila omdisponering av myrområde til hytteområde og gigantanlegg for vegar, vindturbinar og hyttebyar øydelegg naturlege leveområde og aukar klimagassutsleppa.
Naturindeks 2020 viser også at klima er ein vesentleg faktor for negativ påverknad for hav, fjordar og fjell. Skoggrensa kryp oppover, havet blir varmare, og islagte område tinar. Vegetasjonssonene og næringskjedene endrar seg så snøgt at artane ikkje rekk å tilpassa seg

Foto: Jan Rabben

Naturvernforbundet i Kvam meiner heradet må planleggja både for å ta vare på artsmangfaldet og for å redusera klimagassutsleppa.Kvar kommune ta sin del av ansvaret for den stor oppgåva.

Naturvernforbundet vil blant anna:
• At ansvaret for plan- og arealforvaltinga skal flyttast attende til Klima- og miljødepartementet.
• Forbodet mot utbygging i strandsona held fram og at handhevinga vert strengare.
• Det skal ikkje gjevast løyve til hyttebygging og vindkraftutbygging i intakte naturområde.
• Innføra forbod mot utbygging på myrareal og i våtmarker.
• Plan- og bygningsloven må framleis ha sterke miljøomsyn.
• Redusera flatehogst, setja att gamle tre, stogga bruken av framande arter i skogbruket. Forby gjødsling, sprøyting og markbearbeiding.
• Prioritera meir variert og økologisk landbruk som fasar ut giftbruk og kunstgjødsel. Det legg til rette for at bønder kan driva slik at det fremmar naturmangfaldet i kulturlandskapet.

Øystese 18. nov. 2020 Naturvernforbundet i Kvam, Oddvar Soldal, skrivar
Oddvar er også styremedlem i Kvam MDG

Mye bra om natur i Kvam Herad: Grind Kundskap om Landskap