Korleis skal me skapa eit Noreg «etter olja»?
Medan dei andre partia snakkar om oljeslutt som noko me skal gjera ei eller anna gong i framtida, har Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) laga ein detaljert strategi for korleis oljealderen kan avsluttast innan 2040.
Anders Breivik Ormevik er ein av forfattarane av MDG sin utfasingsplan som tek for seg alle felt på norsk sokkel og vurderer korleis desse bør avsluttast på ein måte som gir raskast mogleg utsleppskutt, lågast mogleg bruk av rein kraft frå land, og samstundes høgast moglege inntekter til den norske stat i tida fram mot 2040.
Ormevik er frå Øygarden og har fagleg bakgrunn frå forsking på logistikk og forsyning av installasjonar i Nordsjøen, og estimat for framtidig produksjon og utslepp frå ulike felt. Han er no leiar i Vestland MDG og står på 2. plass for Hordaland ved stortingsvalet til hausten. Han kjem til Kvam og greier ut om planen på eit ope møte i Øystese tysdag 10. juni.
Ein plan for utfasing av norsk olje og gass er naudsynt av mange grunnar: For det fyrste, det er eit faktum at det snart er tomt for olje og gass på norsk sokkel. I dagens produksjonstempo vil attståande reservar etter utrekningane i utfasingsplanen rekkja i om lag 14 år til. Skal me halda på med petroleumsindustri mykje lenger enn det, må aktivitetsnivået kraftig ned. Då trengst det ein plan for korleis ein skal avvikla på ein måte som òg tek omsyn til offshorearbeidarane.
Ormevik legg også vekt på at det er eit viktig marknadsøkonomisk poeng i å utarbeida ein plan: Skal me verkeleg la dei store oljenasjonane i verda, som Saudi-Arabia, USA og Brasil, få diktera kva tid norske oljearbeidarar skal permitterast på kort varsel? Det var dette som skjedde i åra 2014-2016, og dette kan fort skje igjen. Om me har ein plan, vil me vera mykje betre rusta til å takla slike hendingar. Dessutan vil ikkje framtidige utbyggingar av meir gass bidra til energiforsyninga i Europa. EU og Storbritannia er i dag omtrent våre einaste kundar for eksport av gass (om lag 95%), og alt dette sendast i røyr. Viss Europa held fram si energiomstilling vil det vera svært låg etterspurnad etter ny norsk gass etter 2040.
Fylkesleiaren i Vestland MDG vil fortelja om korleis me med planen for utfasing kan nå viktige mål for norsk næringsliv og særleg for oss her på Vestlandet. Ein slik utfasingsplan vil gi store gevinstar for Noreg, då det vil gi både auka tempo i energiomstillinga i Norge og Europa, og frigjera ressursar til verdiskaping utan utslepp i Noreg.
Å avvikla olje og gass vil føra til lågare arbeidsløyse, lågare utslepp av CO2 og lågare straumunderskot fordi ein kan reversera den feilslåtte politikken med elektrifisering av oljefelt med straum frå land som har gått føre seg i lang tid. Det vert hevda at norsk sokkel har «reinaste olja i verda», men ei handfull felt har alt i dag høgare utsleppsintensitet enn gjennomsnittet i verda. Utan elektrifisering eller nye funn vil utsleppsintensiteten frå desse felta auka over tid. Difor må dei felta som ureinar mest og som fyrst og fremst produserer olje, stengjast fyrst. Dei felta som i dag leverer gass til Europa får halda fram lengre, og slik får me tryggleik i Europa på kort sikt og omstilling på lengre sikt.
På eit ope møte i Skummesalen i Øystese, håpar MDG at dagens oljearbeidarar stiller opp for å bli betre kjent med ein oljepolitikk som skapar nye moglegheiter. Næringslivet er invitert, og herifrå kjem Hans Jørgen Andersen i Kvam næringsråd, Sissel Lillebostad i Kabuso og Tina Olsen i Fjordtind hotella.
MDG ynskjer eit samfunn der auka effektivitet og velstand fører til meir fritid og betre livskvalitet for den einskilde, og ikkje stadig auka forbruk. Naturen sine tolegrenser må få sette rammene for menneskeleg aktivitet. Me vil ha livskraftige lokalsamfunn bygd på lokale ressursar, då kan ikkje ei enkeltnæring få rive grunnen vekk under beina på alle andre næringar. For å få til dette treng me nye, moderne grøne løysingar, og MDG er klar til å spela på lag med næringslivet.
Miljøpartiet Dei Grøne i Kvam, Kari Mostad, leiar