MDG har sendt klage til kontrollutvalet i Kvam.

Utgangspunktet for klagen er Kvam herad sin bruk av ABO plan og arkitektur til å vurdere om arealet ved Kvamsøy er egna som oppdrettslokalitet og visningsanlegg.
MDG meiner dei er inhabile og heilt uaktuelle å nytte då same firma, ABO plan og arkitektur også har ansvar for prosjektleiinga i Hardangerbadet. Prosjektet er tett knytt til Hardangerbadet. Lingalaks har investert i Hardangerbadet og ynskjer areal ved Kvamsøy inn som oppdrettslokalitet i kommuneplanen. I arbeidet med å sjå samanhengane i saken vart det også viktig å stille spørsmål direkte om Hardangerbadet,
seier heradsstyrerepresentant Kari Mostad.

Les hele saken her: http://kvam.mdg.no/wp/files/2019/04/sporsmaal-kontrollutvalet.pdf