Klimavurdering i samband med utdanning og forsking

Klimakur 2030 viser at ein kan gjere tiltak for å redusere utslepp av klimagassar på alle samfunnsfelt og at dette er eit ansvar for alle.

10. mars, 2020

Kvam MDG meiner at utdannings- og forskingsinstitusjonane også må ta del. Det er konkurranse mellom tilbydarane og mange institusjonar konkurrerer om elevar og studentar med å tilby spektakulære tilbod og reisemål. Å samhandle over landegrensene, skape allsidige relasjonar og få nye røynsler og lærdom frå andre himmelstrøk og vilkår er svært viktig, særleg i ei utdanningssamanheng. Samtidig må skulane vise til ein heilskapleg plan for å skape dette og gjennomføre kontakt utan at det samtidig fører til store klimautlsepp.

Tiltak kring klimakur må difor også omfatte våre skular, høgskular og universitet og innan forsking. Rammetilskot til desse institusjonane må ha ei klimavurdering. Det er viktig at utdanningsinstitusjonane våe ikkje berre leverer teori og omtale av klimautfordringar, men har klimavurderingar knytt til sine eigen praksis og undervisning. Dette gjeld skulestruktur, stipend og studiereiser.