Klimatilpassing no! Raset i Jølster er ei tragedie.

Eg har djup medkjensle med alle dei som er råka.
Raset er også eit varsku: i ein rapport om klimaendringane sine konsekvensar i Noreg, framgår det at hyppigare jordras er blant det me kan venta oss her i Vestland.

12. august, 2019

Heller trygg veg enn motorveg

Trass for at etterslepet er stort på både klimatilpassing og vegvedlikehald i det nye Vestland fylke, har regjeringa ikkje prioritert dette høgt nok, vere seg til oppgradering av avlaupssystem i by og bygder eller til flaum- og rassikring av vegane våre.

Tenk på kor mange trygge og oppgraderte vegar me kunne fått for prisen av den planlagte motorvegen til Trengereid, for ikkje å snakke om monstervegen Hordfast, prissett til 40 milliardar.

Ekstremvêr er klimakrisa sitt språk

Det aller viktigaste me gjer for å førebyggja stadig meir ras og skred, med store menneskelege og økonomiske kostnader, er å kutta i utsleppa og dempa klimaendringane. Skal me klara det, må me vedkjenna at me står overfor ei krise. Det gjorde Hordaland fylkesting i sommar, diverre utan røystene til Høgre og Framstegspartiet.

Hand i hand med klimakuttinnsats, må me satsa på klimatilpasning og på styrka vernebuing. På vår prioritetsliste står det på topp.

No krevst det ein politikk som vågar å prioritera det viktigaste for oss: tryggleik og vårt felles livsgrunnlag.

Helsing Natalia Golis

fyrstekandidat for Dei Grøne i Vestland