Klimaet krev ny landbrukspolitikk

I sommar har vi sett ekstrem nedbør og ras som har tatt liv i Jølster, varmerekordar i heile Europa og is som smeltar i rekordfart ved polane. Vi veit at endra klima er ein viktig årsak til at artar døyr ut i aukande tempo. Vi har lenge kjent årsakene til oppvarminga, og vi veit at vi må kutta utslepp frå industri, trafikk og kraftverk. Den siste rapporten frå FNs klimapanel slår også fast at vi og må gjera betydelege endringar i korleis vi bruker landareala og i korleis vi produserer mat.

23. august, 2019

Det er viktig å hindre avskoging, ta vare på og rehabilitera myrer, redusera matsvinn, produsera og eta mindre kjøt. I framtida må det bli meir plantekost på fatet, òg i Norge. Mange ser dette som ein trussel mot landbruksnæringa, men eigentleg er det i tråd med næringa sitt slagord: Norsk mat på norske ressursar!

I dag vert 90% av dyrka areal i Norge nytta til fôrproduksjon, i tillegg importerer vi soya frå store landområde i Brasil dyrka på areal som er tidlegare regnskog.

Ved å legge om landbrukspolitikken og avgrense husdyrproduksjonen til dei areala som berre er egna til grasproduksjon, vil ein produsere langt mindre kjøt enn i dag. Mykje areal vil då kunne verta frigjort til korn, potet, grønsaker og belgvekstar. Slike areal finst i alle fylke og har gjerne tidlegare vore nytta til formålet! Lokalt i Kvam kan vi dyrke meir grønsaker, potet, frukt og bær direkte til menneskeføde. Husdyrproduksjonen må basere seg på å nytte utmarksbeite godt, gras og lokalprodusert fôr og med så lite kraftfôr som mogleg. Lokalt må vi få til vidareforedling av både planter, mjølk og kjøt. Auka sjølvforsyning, mindre gjengroing og betre dyrevelferd kjem som bonus. Og vi treng minst like mange bønder som før.

 Miljøpartiet Dei Grøne har ein heilskapleg landbrukspolitikk som ivaretek det tildels kompliserte samspelet mellom produksjon, forbruk, toll og subsidiar, og vi har levert gjennomarbeidde alternativ til jordbruksoppgjeret i fleire år. FN-rapporten viser at vi har vore på rett veg.

 Samtidig er det slik at om vi ikkje stansar oppvarminga, vil landbruket måtta ta mykje av støyten. Vi har allereie sett at lengre vekstsesong hjelper lite når det er så tørt at veksten stoppar eller så blautt at ein ikkje får hausta avlingane. Det er ikkje tid for å setta seg bakpå no, det er tid for å tenka nytt. Innanlands matproduksjon vil i framtida dessutan verta stadig meir aktuelt for matsikkerhet for befolkninga.