Innfør avgift på fiskefôr til oppdrettsnæringa

Avfall frå fiskeoppdrett inneheld viktige næringsstoff som går rett i sjøen. Også frå oppdrett i kar på land går ein stor del av møk og fôrspill i sjøen, viser t.d.søknadar frå lokale setjefiskprodusentar i Kvam handsama i heradsstyret siste året.

27. januar, 2021

Hva spiser laksen?
Foto: Marius Fiskum/Norges sjømatråd

På landsbasis er det rekna at utsleppa av det viktige næringsstoffet fosfor frå fiskeoppdrett er like stort som den mengda fosfor som vert tilført norsk landbruk som gjødsel.
Dei viktigaste ressursane i avfallet er organisk stoff, karbon, nitrogen og fosfor.
Jf prinsippet om at det er ureinar som skal betale, meiner Kvam MDG at oppdrettarane, har ansvar for å ta vare på avfallet. Det kan saman med anna våtorganisk avfall til dømes brukast til å produsera biogass, plantenæring og jordforbetringsmiddel.
For at oppdrettsnæringa, andre næringsaktørar og styresmaktene kan koma i gang med god handtering av avfallsressursane, meiner MDG det bør innførast ei avgift på alt fiskefôr som vert brukt i produksjonen. Inntekta frå avgifta kan tilbakeførast og brukast til å få opp gode lokale system som tek vare på ressursane. Etter kvart som oppdrettarane greier å gå over til lukka anlegg som ikkje ureinar, vert fôravgifta redusert. Det skal ikkje lønne seg å ureine.