Grunnrenteskatt på oppdrett er framtidsretta

Ein grunnrenteskatt på oppdrett i Norge etter malen frå kraftbransjen vil tilføre staten og fellesskapet ca 7 milliarder kr per år.
Havbruksskatteutvalet satt ned av regjeringa anbefaler ein grunnrenteskatt på 40%

10. mars, 2020

MDG ser at oppdrettsindustrien har tent enorme pengar dei siste tiåra. Stigande prisar kombinert med svak krone, har generert store formuar langs kysten. Tida er rett til at krevja meir attende til fellesskapet!

Oppdrettsindustrien brukar resursane til fellesskapet. I dag er 97 % av alle konsesjoner gitt gratis eller solgt under markedspris. Først i dei seinare åra har staten tatt betaling for nye konsesjonar enten i form av fastpris eller ved ein auksjon. Konsesjonane er alle utan tidshorisont og ope for vidare sal.

Eigarstrukturen i næringa har endra seg. Frå å vere ein attåtnæring med rot i landbruket på 70- og 80 talet er det i dag ein næring med langt færre aktørar og stadig meir internasjonal kapital.

Lakseoppdrettane tredobla utbyttet sitt i 2016 frå 2 til 6 milliardar kr og i båe 2017 og 2018 var det vanlig i bransjen med overskott på 30-40%

Oppdrettsindustrien har gjort store pengar på fellesresursane. I Hardanger og Hordaland har oppdrett satt sig preg på fjordlandskapet og økologisk sett har næringa bidrege til ein svært negativ utvikling. Massivt kjemikaliebruk, ureining, lakselus og genetisk innblanding med villfisk er stikkord for ein næring som historisk hevdar sin uskyld.

MDG vil at oppdrettsindustrien leverer meir av overskottet tilbake til folket og kommunane. Grunnrenteskatt har fungert for kraftbransjen og oljenæringa som begge representerer store profitørar. Konsesjonane bør i framtida tildelast gjennom auksjonar som i lag med grunnrenteskatt vil sikrar nye inntekter til kommunane og regionane.

Havbruksfondet bør styrkast. I dag er fondet meir som ein bank som utbetalar årlig alt som er på konto. Meir kapital bør bindast i havbruksfondet slik at fondet over tid byggjar opp ein betydelig kapital. MDG ynskjer at fondet skal bidra til at det økologiske underskottet næringa representerer i dag vert mindre. Forsking, re-etablering av natur og fiskeartar som er under sterkt press bør vere satsingsområdar for det framtidige havbruksfondet.