Eit meir mangfaldig næringsliv etter olja

Mange er naturleg nok opptekne av kva me i Norge skal ”leva av etter olja” . Både lokalt og nasjonalt vil Miljøpartiet dei grøne skapa berekraftige og trygge arbeidsplassar for ei framtid utan olja.

12. august, 2019

Klimaendringane og tapet av naturmangfald er dei største utfordringane me har som lokalsamfunn, nasjon og verdssamfunn. Når andre land legg opp til å importera mindre olje og gass, vil me få ei framtid med mindre og til slutt ikkje bruk av olje. For Norge som eit oljeproduserande land, er det ansvarslaust overfor komande generasjon å ikkje ha ei planmessig utfasing av oljeproduksjonen. Å lata som at me kan halda fram med olja som før, er eit svik mot miljøet, framtidige generasjonar og dei som vil bli arbeidslause om me ikkje byggjer alternative arbeidsplassar over tid. Miljøpartiet dei grøne er opptekne av å planleggja, skapa og gje støtte til å skapa trygge, grøne arbeidsplassar.
Land som Sverige, Danmark og Finland klarar seg heilt fint utan oljeproduksjoner seg uten olje. Dei har bygd opp eit mangfaldig næringsliv med mange forskjellige bedrifter i ulike sektorar. For olja er ikke vår største verdi, det er kompetansen til alle som bur her. Skal kompetansen som er bygt opp i offshore- og oljenæringa utnyttast i framtida, må næringslivet ha ein god og planmessig overgang. Miljøpartiet dei grøne vil satsa målretta på sektorar der Norge har naturgitte fortrinn, som fornybar energi, foredling av biologiske ressurser samt marine og maritime næringer, på same måte som myndigheitene ein gong aktivt bygde opp norsk oljeindustri. Historia viser oss at svært mange av jobbane i framtida, kjenner me ikkje enno.
I lokalpolitikken vil partiet at me skal ta vår del av ansvaret f or lokale løysingar på dei globale utfordringane. Hovudfokus vert FN sine berekraftmål der me skal føra ein politikk for å oppfylla 1,5 graders-målet i Parisavtalen. Partiet vil ha ein overordna kommunal plan for klima, miljø og naturmangfald. Planen skal vera ein eigen post på budsjettet.
For å få fleire og meir varierte arbeidsplassar i Kvam lovar partiet mellom anna å arbeida for å:
• Sikra og styrka vidaregåande utdanning i praktiske og teoretiske fgg i kommunen
• Leggja til rette for nyskaping, kontorhotell for fellesskap, desentralisera arbeidsplassar og mindre trong for pendling.
• Næringsfonda i kommunen er viktige. For å få støtte frå fondet må prosjekta vurderast i høve til miljøberekraft.
• Få arbeidsplassar på grunnlag av kortreist opplevingsturisme og lokale kunst- og kulturopplevingar
• Auka lokal landbruksproduksjon basert på garden sine ressursar. Støtta lokal omsetnad og foredling.
• Leggja rette for akvakultur utan ureining, lukka anlegg for å ha kontroll med rømming. lakselus og sjukdom. Utvikla lokal förproduksjon basert på kortreist råstoff.
• Få gode ringverknadar av etableringa av Hardangerbadet med opplevingar frå fjord til fjell.
Det viktigste du kan gjera for eit grønt gjennomslag er å snakka med vener, naboar og kollegaer om kvifor du vil stemma grønt i ved valet i år. Og hugs Miljøpartiet dei grøne har ein røynd kvemming, Natalia Golis, på topp på fylkestingslista.

14. juli 2019
Miljøpartiet dei grøne, Natalia Golis, nr. 1 på lista i Kvam og i Vestland.

Kari Mostad, nr 2 på lista i Kvam