Dette valet er eit klimaval!

Valkamp er ein eigen sjanger! Det positive for oss fotfolket i politiske parti er det unike høvet
valkampen gjev til gode samtale!

3. september, 2021

I desse vekene er det legitimt å snakke politikk med kven som helst og om tema som opptek den einskilde! Det er oftast både hyggeleg og interessant! (Tusen takk for tida dykkar!) MDG har eit fullverdig program med fokus på menneskevennleg samfunn i økologisk balanse, så det er mange tema å ta fatt på.

Kva skal ein eigentleg tru? spurde ein veljar ettertenksamt. – Er det FN som har hivd seg på klimatrenden liksom? Det er forståeleg at spørsmålet kjem; dersom ein kan lita på FNs klimapanel, kvifor tek ikkje styringspartia då ansvar? Kvifor ser politikken vår ut som den gjer? Noreg er særmerkt med stor tillit i samfunnet. Stolar me meir på styringspartia enn FNs klimapanel? Fagrapportane frå FN er laga av fleire hundre av dei beste forskarane i verda frå 60-70 land (inkl. både Noreg og Kina). Den er basert på konservative, naturvitskaplege metodar. Den raudblinkande rapporten som kom i august syner at forskarane sannsynlegvis har vore for forsiktige i sine anslag, prosessen går fortare og har komme lengre enn dei trudde. Med andre ord: – det er ikkje FN som har lagt seg til ‘Greta Thunberg – stil’, det er Greta Thunberg som har lese FN sine rapportar. Det er svært alvorleg lesnad – det er med god grunn ungdommen skulestreikar og brølar for framtida si! Senario for deira levetid er ikkje hyggelege – om me ikkje supplerer dei fine orda om klima – med handling – no.

Heldigvis har me vist evne til å handtere store naturutfordringar tidlegare; sur-nedbør, ozonlaget, alvorleg ureining av Mjøsa. Gjennom kunnskap om årsakssamanheng og tiltak har me løyst utfordringar både nasjonalt og internasjonalt. Endring av klima og tap av naturmangfald som me ser no, er ei mykje meir omfattande og alvorleg global utfordring, men med handling og effektive tiltak er det framleis mogleg å gjere verknaden mindre alvorleg enn me ligg an til no. Men me har lite tid! Det krev tiltak som vi kjem til å legge merke til.

Ein vesentleg årsak til endringane i klimaet er brenning av fossilt karbon til energi og påfølgande utslepp i atmosfæren. Ein konsekvens av dette er at verda no må avslutte fossiltida. Det gjeld også oss. Noreg som oljenasjon må fasast ut! Sjølve nedtrappinga vil måtte ta noko tid, men leiting etter olje må avsluttast no. Det internasjonale energibyrået IEA har allereie uttalt dette, slik sett er det eit svært lite radikalt forslag! Framhald i leiting etter olje på norsk sokkel er å binde kompetanse og kapital til ei avsporing. Det er å kaste vekk verdifull tid og kapasitet me treng til utvikling av ny teknologi og nye, grøne næringar. Dei 140 000 tilsette i oljenæringa i dag representerer kunnskap og røynsle, kapasitet me treng i det grøne skiftet. I ei styrt avvikling av oljenæringa vil me kunne ta i bruk denne røynsla, kloke hovud; dei gode folka, inn i nye næringar der me treng dei. Utan krakk og stor arbeidsløyse som vil følgje om me ikkje styrer avviklinga.

Dessverre er det berre MDG som set ultimatum om å slutte å leite etter olje. Tida er inne for modige politikarar som vågar å forhalda seg til kunnskap og fakta og skape politikk som tek framtida og komande generasjonar på alvor. Politikarar som ikkje flyt på retorikk og har gamle bastionar å pleie og å lene seg på. MDG over sperregrensa vil forandre politikken, styrke m.a. SV og skape handling for klima og miljø – sjølv utan MDG i regjering. Om du nokon gong har tenkt at du kanskje skal stemme MDG, så vil me oppfordre deg til å gjere det no!

Godt val!
Lokallaget i Kvam MDG v/ Kari Mostad, Ingunn Undrum, Ann-Mari Byrkjeland, Bjørn Liegner, Nick Christensen