Utslepp av klimagassar må reduserast med 40-50% innan 2030 om vi skal greie å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader. Dei neste 10 åra er avgjerande for å nå desse måla, seier IPCC og mellom anna klima og miljøminister Elvestuen. Regjeringa førebur dette med å forhandle med EU om nivå på utsleppa. I Kvam må vi førebu oss med å starte ein dugnad med konkrete mål for å få ned vårt klimaavtrykk.
Å handle som fellesskap gir meining og små tiltak for kvar og ein av oss, gjev stor effekt til saman. Mange kommunar har allereie gjort ein innsats på området og sett i verk klimatiltak som monner. Kommunane er det beiaste forvaltningsnivået, der ein når individa. Ein lokal tilnærming vil vere effektiv, og kvar og ein kan forstå at eige bidrag betyr noko.
MDG i Kvam meiner at Kvam herad må vise leiarskap i dette arbeidet og snarast få på plass ein plan for å redusere lokale utslepp. Både Kvam herad som organisasjon, næringslivet og lokale innbyggarar må få inspirasjon til å starte arbeidet, finne dei mest effektive tiltaka, lage gode strategiar for korleis vi mest effektivt kan bidra til reduksjon av klimagassar. Landbruket står for ein del av utsleppet, men kanskje det også kan vere ein del av løysinga.
Eit viktig verktøy for å få til dette vil vere den lokale Energi og klimaplanen, som kommunen bør starte rullering av før jul og sette av midlar til i budsjettet for å skape handlingrom. Ser ein på dei politiske partia sine program, er det stor semje om temaet og gjeldande kommuneplan sin samfunnsdel seier mellom anna at kommunen skal verta eit førebilete lokalt i arbeidet med å redusera klimagassutslepp.
Det er difor naudsynt at rullering av lokal klima- og miljøplan vert sett i gang så snart som råd. I arbeidet med rulleringa bør vi sette i gang delprosjekt for straks å få temaet på dagsorden lokalt og gjere miljøvennleg åtferd meiningsfull i både stort og smått. Aktuelle tiltak som vi enkelt kan starte med er t.d. å redusere kasting av mat og å redusere bruk av plast og arbeide mot plastureining. Dette er tiltak som kommunen kan gjere i sin organisasjon og samtidig lage strukturar som innbyggarane, både næringslivet og private kan dra nytte av.
Kvam MDG ber om at ordførar tek opp som sak på komande heradsstyremøte
– Starte opp rullering av klima- og miljøplanen
– starte prosjekt for å redusere matkasting i kommunen
– Formulere tiltak for å redusere plastbruken og plastureining i Kvam