Årsmøte i Miljøpartiet dei Grøne i Kvam

Kallar med dette inn til årsmøte i Miljøpartiet dei Grøne i Kvam.
Årsmøtet vert halde på kafeen på Hardanger fartøyvernsenter torsdag 12. januar kl. 18.00.
Årsmøtet frå 18.00
Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste.
Sak 2: Val av ordstyrar, referent og teljekorps
Sak 3: Årsmelding 2016, ved leiar.
Sak 4: Rekneskap 2016, ved kasserer.
Sak 5: Budsjett 2017.
Sak 6: Val av styre.

Årsmelding 2016 MDG-Kvam

Styret og styremøter
Styret i 2016 har bestått av Nick Christensen, Lars Kristian Skår , Klaus Rasmussen, Kari Mostad og Heidi Richardson (leiar). Knut Njaa og Oddvar Soldal har vore vara. Styret har i løpet av 2016 hatt 7 styremøter. Dei fleste av desse møta hadde me i forkant av formannskaps-møta for slik å få høve til å drøfta dei sakene som har stått på Heradets agenda.

Arbeidet i Heradsstyret
Vår representant i Heradet og formannskapet Kari Mostad

Lesarinnlegg
Styret har drøfta ei rekke politiske saker, og me har sendt inn 5 lesarinnlegg til lokalavisa. Titlane for desse lesarinnlegga var:
• Statsråd for olje og energi må gå.
• Øystese vassdraget, ein lokal og nasjonal skatt.
• Søppelvisjonar
• Sikre villaksen – Hardangerfjorden har gitt nok.
• Fosilfri bilpark – for budsjett og miljøet.

Medlems møter
Det har vore arrangert 3 medlemsmøter i løpet av året. I juni arrangerte me ei sommaravslutning ute, i ausande regnver! Men me var ein gjeng som hygga oss med god mat og politisk diskusjon, under ein stor presenning, på Soldal.
Den28. september arrangerte me eit medlemsmøte for å gje medlemmane informasjon og mogelegheit til å koma med innspel til Miljøpartiets programarbeid. Karina Reigstad frå programkomiteen kom og presenterte programmet, etterpå vart det diskusjon og kakespising! I etterkant av møtet vart det utarbeida eit høyringsinnspel til programkomiteen, som også vart sendt til Fylkesstyret.
Den 16. desember inviterte me alle medlemane til juleavslutning i kafeen på HFS. Her vart det talar, diskusjonar og ikkje minst hygge og mykje god mat og drikke.

Politisk markering
Laurdag den 19. november arrangerte me ei punktmarkering i sentrum for å markera motstand mot framveksten av høgrekreftane både i Europa og USA. I appellane vart det oppfordra til toleranse, god politisk debatt og demokratisk tenking (me er mange som vart rysta over både debattnivået i og resultatet av valet i USA). Mange møtte opp for å høyre på appellane.