Årsmelding 2013 Kvam MDG

mdg-logo-2013-200pxKvam MDG vart etablert 18.juni i Telstø, Fyksesund. Det var 9 tilstades på møtet, inkl leiar i Hordaland MDG Tom Sverre Tomren og partisekretær Øystein Bønes.  Stiftingsmøtet valde dette styret: Leiar Kari Mostad, Skrivar Henrik Hysing, kasserar: Cecilie Johansen, vara: Ungdomsrepresentant Sven Arild Helgeland Kongsvik.

På styremøte 8.august vedtok styret å innlemme ungdomsrepresentanten i styret saman med  nettansvarlig Nick Christensen. Styret har soleis bestått av  5 medlem.

Styret har hatt 8 møter, hovudtema: valkampen.

Repr. for styret i MDG Kvam har deltatt på to møte med Hordaland MDG.

 Medlem:

Kvam  MDG hadde 9 medlem ved etablering, og 19 ved årsskiftet.

Vi har hatt eit medlemsmøte om kommuneplanen (23.10) og ei sosial samling med ”Grøn Luciafest” (13.12). 4.september skipa vi ope foredrag med Per Hjalmar Svae tema  ”Løysinga er grøn” ca 15 deltakarar.( Veldig fint vær gjorde at det ikkje vart fleire)

Marknadsføring: Vi har oppretta eiga nettsida og eiga Facebookside for info og kontakt med medlem og omverda. Ansvarleg: Nick  Christensen.

Kvam MDG vart profilert i Hordaland Folkeblad ved oppretting.

24.10 bidrog Kvam  MDG med appell på Miljøkonsert med Maria Vocalis og Knut Ariel på Hardanger Fartøyvernsenter  v / Henrik Hysing

Aktivitet i 2013

Valkampen:

Den komande valkampen var ei viktig årsak til oppretting av Kvam MDG, vi la opp til aktiv valkamp. Første stand var i samband med Bygdalarm 5.juli. Hovudtrykket var frå 10.august, og ca kvar laurdag fram til valet hadde vi stand i Norheimsund og/eller Øystese. Ungdomsrepresentanten deltok i skuledebattane på gymnaset og Norheimsund Vg skule med stand.

Valmateriell: Vi laga eigen lokal flyer til utdeling, elles nytta vi materiell frå sentralt hald.

Valavisa for Hordaland med lokal flyer og kortprogrammet vart delt ut til alle postkassar i to omgonger. Til samen deltok 13 medlem / sympatisørar i utkøyring av materiell.

Media: vi fekk 3 lesarinnlegg i HF i tillegg til bruk av nettside og facebook.

4.september hadde Per Hjalmar Svae  foredraget: ”Løysinga er grøn” med ca 15 deltakarar

Laget skipa valvake 9.september i Telstø, 9 deltakarar.

I Kvam fekk MDG 160 stemmer , noko som ville gitt representant om det hadde vore kommuneval.

Rullering av kommuneplanen:

Innspel til rullering av kommuneplanen, samfunndelen vart utarbeidd og sendt kommunen innan fristen.

Økonomi:

Laget er lova økonomisk støtte ved oppretting frå Hordaland MDG. Kvam MDG vert registrert i Brønnøysund registret og då kan konto opprettast.