På styremøte 8.august vedtok styret å innlemme ungdomsrepresentanten i styret saman med nettansvarlig Nick Christensen. Styret har soleis bestått av 5 medlem.
Styret har hatt 8 møter, hovudtema: valkampen.
Repr. for styret i MDG Kvam har deltatt på to møte med Hordaland MDG.
Medlem:
Kvam MDG hadde 9 medlem ved etablering, og 19 ved årsskiftet.
Vi har hatt eit medlemsmøte om kommuneplanen (23.10) og ei sosial samling med ”Grøn Luciafest” (13.12). 4.september skipa vi ope foredrag med Per Hjalmar Svae tema ”Løysinga er grøn” ca 15 deltakarar.( Veldig fint vær gjorde at det ikkje vart fleire)
Marknadsføring: Vi har oppretta eiga nettsida og eiga Facebookside for info og kontakt med medlem og omverda. Ansvarleg: Nick Christensen.
Kvam MDG vart profilert i Hordaland Folkeblad ved oppretting.
24.10 bidrog Kvam MDG med appell på Miljøkonsert med Maria Vocalis og Knut Ariel på Hardanger Fartøyvernsenter v / Henrik Hysing
Aktivitet i 2013
Valkampen:
Den komande valkampen var ei viktig årsak til oppretting av Kvam MDG, vi la opp til aktiv valkamp. Første stand var i samband med Bygdalarm 5.juli. Hovudtrykket var frå 10.august, og ca kvar laurdag fram til valet hadde vi stand i Norheimsund og/eller Øystese. Ungdomsrepresentanten deltok i skuledebattane på gymnaset og Norheimsund Vg skule med stand.
Valmateriell: Vi laga eigen lokal flyer til utdeling, elles nytta vi materiell frå sentralt hald.
Valavisa for Hordaland med lokal flyer og kortprogrammet vart delt ut til alle postkassar i to omgonger. Til samen deltok 13 medlem / sympatisørar i utkøyring av materiell.
Media: vi fekk 3 lesarinnlegg i HF i tillegg til bruk av nettside og facebook.
4.september hadde Per Hjalmar Svae foredraget: ”Løysinga er grøn” med ca 15 deltakarar
Laget skipa valvake 9.september i Telstø, 9 deltakarar.
I Kvam fekk MDG 160 stemmer , noko som ville gitt representant om det hadde vore kommuneval.
Rullering av kommuneplanen:
Innspel til rullering av kommuneplanen, samfunndelen vart utarbeidd og sendt kommunen innan fristen.
Økonomi:
Laget er lova økonomisk støtte ved oppretting frå Hordaland MDG. Kvam MDG vert registrert i Brønnøysund registret og då kan konto opprettast.