Innlegg fra Twitter:
Nye tal: 150.000 fisk har rømt frå oppdrettsanlegga http://bit.ly/1DoeIET
– Det er veldig alvorleg. Me skal jo ikkje ha rømmingar. Det er berre å beklage både frå oss i forvaltninga og næringa, seier Vidar Ulriksen regiondirektør i Fiskeridirektoratet region vest.
Dei siste tala på rømt oppdrettsfisk er nedslåande lesing for regiondirektøren. 150.000 regnbogeaure og laks er no registrerte rømte frå anlegg i Hordaland i perioden desember til januar. Framleis manglar direktoratet tal frå to anlegg.