Kommunedelplan for energi og klima

Energi- og klimaplan for Kvam Herad 2020-2024 er ei rullering av gjeldande energi- og klimaplan for Kvam frå 2012.

Planen byggjer på planprogram vedtatt av heradsstyret 12.05.2020 sak 037/20.Norconsult AS har vore engasjert som konsulent. Overordna mål er å medverka til å stoppa klimaendringane i tråd med FN sitt berekraftsmål nr 13 og medverka til at Noreg vert eit lågutsleppsamfunn i 2030.
Planframlegget har tre delmål retta mot 1) klimagassutslepp, 2) energi og 3) tilpassing til klimaendringane.
SAMANDRAG
Energi- og klimaplan for Kvam Herad 2020-2024 er ei rullering av gjeldande energi- og klimaplan for
Kvam frå 2012. Planen byggjer på planprogram vedtatt av heradsstyret 12.05.2020 sak 037/20.
Norconsult AS har vore engasjert som konsulent.
Overordna mål er å medverka til å stoppa klimaendringane i tråd med FN sitt berekraftsmål nr 13 og
medverka til at Noreg vert eit lågutsleppsamfunn i 2030.
Planframlegget har tre delmål retta mot 1) klimagassutslepp, 2) energi og 3) tilpassing til
klimaendringane. Dei største klimagassutsleppa i Kvam kjem frå Elkem Bjølvefossen. Dette er ikkje tatt
med i planen fordi desse utsleppa no er statleg regulert med kvotar. Andre store utslepp finn ein innan
sektorane transport og landbruk, der også det største potensialet for reduksjonar ligg.

Hele dokument kan leses her