Farhio Ahmed Sahal
4. kandidat, forhåndskumulert, til Kvam heradstyret for MDG, Farhia kom til Noreg som flyktning frå Somalia i 2012. I Noreg har ho teke utdanning som helsefagarbeidar, og arbeider no i Tolo-omsorg. Ho bur i Norheimsund saman med sonen sin på 6 år. Ho er oppteken av natur og miljø, spesielt godt likar ho vestlandsnaturen med snødekte fjell, vatn og grøne areal. Her i landet kjenner Farhia seg trygg og inkludert. På fritida likar ho å lesa gode historier og høyra på rap-musikk. Politisk brenn Farhia for helsepolitikk og psykisk helse.