§ 1 Stifting og grunnlag
Miljøpartiet Dei Grøne i Kvam (heretter kalla MDG Kvam) vart stifta 18. juni 2013. Lokallaget er ein del av Miljøpartiet Dei Grøne og byggjer på prinsipprogrammet og vedtektene til partiet.
§ 2 Føremål
MDG Kvam sitt føremål er å fremma Miljøpartiet Dei Grøne sin politikk i Kvam og tilpassa den til lokale tilhøve, mellom anna ved å verta representert i folkevalde organ.
§ 3 Medlemskap
a. Alle som har betalt medlemspengar for inneverande eller føregåande år til Miljøpartiet Dei Grøne, Grøn Ungdom eller Grøne Studentar og er busett i Kvam, er medlemer i partiet. Det gjeld ikkje dei som har meldt seg ut av partiet eller har samtykke frå landsstyret til å vera med i eit anna lokallag. Medlemer av partiet som er busett i andre kommunar og har fått løyve frå landsstyret til å vera med i MDG Kvam, er også medlemmer av lokallaget.
b. Dei som ikkje er medlemer, har tilgang til møta i lokallaget. Medlemene kan vedta å lukka møte viss det trengst.
c. Stemmerett og høve til å vert vald i møta i partiet fylgjer medlemskapet etter § 3 a, med fylgjande unntak: Nye medlemer og medlemer som melder seg inn igjen etter opphald, får stemmerett og kan veljast 4 veker etter at medlemspengane er betalt. Medlemmer av partiet sine sideorganisasjonar har stemmerett i møte og organ i partiet når medlemskapet er gyldig. Det er ikkje høve til å stemma på vegne av andre i møte og organ i partiet.
d. Gyldige vedtak i MDG Kvam sine organ krev vanleg fleirtal om ikkje anna er opplyst i vedtektene
§ 4 Årsmøtet
a. Årsmøtet er det høgaste organet i lokallaget og vert halde kvart år seinast seks veker før opninga av det ordinære landsmøtet i Miljøpartiet Dei Grøne. Styret skal senda melding om dato for årsmøtet til medlemene med minst fire veker varsel og endelig innkalling med saksliste seinast to veker før møtet.
b. Årsmøtet skal minst behandla fylgjande saker: Årsmelding, rekneskap, budsjett og val av styre, revisor, valnemnd og utsendingar til fylkesårsmøtet og landsmøte. Året før det skal vere kommuneval vel årsmøtet nominasjonskomite.
c. Rekneskapet skal avsluttast pr. 31. desember og leggjast fram på årsmøtet. Rekneskapet skal omfatta heile verksemda i laget.
d. Styret kan få fullmakt til å velja utsendingar til fylkesårsmøte og landsmøte.
e. Andre saker som kan behandlast må vera med i innkallinga eller om sakene hastar og eit fleirtal av dei som har stemmerett på årsmøtet, stemmer for det.
f. Styret er samansett av leiar, fire styredlemer og tre varamedlemer. Leiar og tre varamedlemer vert valde for eitt år, kvart år vert to styremedlemer valde for to år. Bortsett frå leiar som vert valt av årsmøtet, konstituerer styret seg sjølv.
g. Årsmøtet vel ei valnemnd 3 medlemmer. Fungerande styremedlemer kan ikkje vera i valnemnda. Valnemnda har ansvar for å innstilla på val av styre og revisor til årsmøte.
h. Årsmøtet gjer vedtak med vanleg fleirtal, unntak er framlegg om vedtektsendringar (jfr §7).
§ 5 Omframt årsmøte
a. Styret kan kalla inn til omframt årsmøte dersom styret meiner det trengst.
b. Dersom minst 1/4 av medlemene i MDG Kvam krev det, har styret plikt til å kalla inn til omframt årsmøte.
c. Innkalling til omframt årsmøte skal vera skriftleg til medlemene minst to veker før møtet. Ved omframt årsmøte gjeld dei same vedtektene som for vanleg årsmøte. Omframt årsmøte behandlar berre dei sakene som er nemnt i innkallinga.
§ 6 Styret
a. Styret i MDG Kvam er ansvarleg overfor årsmøtet når det gjeld alt arbeid og alle aktivitetar i lokallaget. Styret pliktar å leggja fram årsmelding og rekneskap for årsmøtet, føra protokoll over eigne møte og syta for forsvarleg arkivering av rekneskap, årsmeldingar og protokollar.
b. Styret er på fem medlemer inkludert leiar, kasserar og sekretær. Det kan veljast inntil tre varamedlemer, i nummerert rekkjefylgje. Leiar vert valt ved særskilt val på årsmøtet
c. Leiar kan ikkje kombinerast med å vere kasserar eller sekretær
d. Leiar for heradsstyregruppa bør som hovudregel møta i styret, utan stemmerett med mindre vedkomande er valt styremedlem.
e. Viss det vert lag for Grøn Ungdom i Kvam, vel dei ein representant til styret med møte- og stemmerett.
f. Styret er vedtaksført når minst tre medlemer eller innkalla varamedlemer er til stades.
g. Dersom leiar går ut av styret meir enn tre månadar før funksjonstida er ute, skal det haldast omframt årsmøte for å velja ny leiar. Dersom eitt eller fleire andre styremedlemer går ut meir enn tre månadar før funksjonstida er ute, og dette medfører at styret blir ståande med færre enn fem medlemmer utan at plassane kan fyllast ved at varamedlemer rykkjer opp, skal det haldast omframt årsmøte for å føreta suppleringsval.
h. Året før kommune- og fylkesvalår skal styret føreslå kandidatar til ein nominasjonskomite og programkomite.
i. Lokallaget vert forplikta ved underskrift av leiar og eit anna medlem av styret.
§ 7 Tolkning av vedtektene
Dersom det vert usemje om tolkninga av desse vedtektene, kan det avgjerast av kontrollkomité, partiet sin kontrollkomite. Den avgjerda er endeleg.
§ 8 Endring av vedtektene
Framlegg om å endra vedtektene må opp som sak i vanleg årsmøte og må fylgja med innkallinga til møtet. Framlegget må leverast til styret minst 4 veker før årsmøtet. Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av stemmene i årsmøtet. Vedtektsendringane tek til å gjelda med ein gong årsmøtet er avslutta.
§ 9 Oppløysing
Lokallaget kan berre oppløysast på eitt av fylgjande vilkår:
a. At det er færre enn tre medlemer som ynskjer å vidareføra laget.
b. At dei medlemene som ynskjer å videreføra laget, ikkje er i stand til å oppfylla dei krava som vert stilt til lokalag i partiet sine vedtekter.
c. At Miljøpartiet Dei Grøne vert oppløyst eller at endringar i kommunestrukturen gjer at det vert naturleg å dela laget eller slå det saman med andre lokallag. Ved oppløysing av det sentrale Miljøpartiet Dei Grøne går midlane til den organisasjonen som overtek partiet sine midlar. Ved samanslåing med andre laga går midlane til det nye laget.
d. Ved deling av lag vert midlane delt etter kor mange medlemer det er i kvart av dei nye laga.