Fotocredit:

Årsmelding 2019

Årsmelding 2019
2019 var det kommunevalår og vi fekk dobla vår gruppe ikommunestyret!
Valresultatet vart 6,5%, 293 stemmerg opp 1,3 %. Lokallaget har hatt stor aktivitet kring arbeidet med utvikling av nytt program og gjennomføring av valkampen. Ein stor del av medlemmene har vore aktiv på ein eller annan måte.

Natalia Golis (første rep) og Kari Mostad (andre repr) vart vald inn i kommunestyret. Natalia
var og nominert på førsteplass til Fylkestinget i Vestland og endte etter forhandlingane der som fylkesvaraordførar, det gjer at 1. vara Otto Thillmann vert meir aktiv i kommande periode!
Årsmøte 2019 vart avhalde 4.mars på Hardanger fartøyvernsenter, med godt oppmøte.
Årsmøtet var kombinert med nominasjonsmøte for kommunevalet, tema for møtet var utvikling av politisk program og strategi for valkampen.
Styret har bestått av:
Kari Mostad leiar (ny), styremedlem Bård Gauden (ny):, Lars Kristian Skaar, Ingunn Undrum, Natalia Golis. vara: Knut Njå, Nick Christensen og Oddvar Soldal
Det vart avholdt 10 styremøter i 2019. Styret har hatt styremøter i forkant av dei politiske møtebolkane.
Medlemsmøter: 13.05 og 14.12
Økonomi: underskot kr 6409 kr jf budsjett til valkamp. Laget har god likviditet, på bankkonto kr 15 897,11
Valkamp
Lokallaget har hatt eit eige valkamputval beståande av Kari Mostad, Natalia Golis, Ingunn Undrum, Oddvar Soldal og Bjørn Lingener, som planla aktivitet, lesarinnlegg (totalt vel 10 innlegg i 2019) stands, ferdigstilling og trykk av program, aktivitet i sosiale media m.m. Lånte buttonsmaskin og laga lokale buttons med god respons. Utvalet hadde jamnleg møter i valkampen. Natalia og Ingunn var på bedriftsbesøk hos Linga Laks i valkampen.
Alle partiprogramma i Kvam vart samla i ein felles konvolutt og lagt i postkassene i
samarbeid med dei andre politiske partia.
Ingunn og Kari deltok på valkampseminar i Bergen i juni
Kari deltok på folkevaldsamling i Bergen i september.
Politisk arbeid
Kari var repr i heradsstyret og hadde plass i formannskapet (2015- 2019) fram til valget. I heradsstyret vart det 2019 jobba med ny kommuneplan, bla. mot planer for nye areal for oppdrett ved Kvamsøy. MDG har jobba med problemstillinga mot å legge ut nytt areal til akvakultur ved Kvamsøy og m.a. stilt spørsmål om utredning av transport til eit tenkt visningsanlegg ved Kvamsøy og bruk av ABO plan og arkitektur til å utrede oppdrett ved Kvamsøy. Dette er det samme firma som hadde prosjektleiinga i Hardangerbadet kor også Lingalaks gjekk inn i badet for visningsanlegg her. I denne prosessen stilte vi spørsmål til Kontrollutvalget om inhabilitet til rådmannen og andre involverte. Dette fekk me sterk kritikk av rådmann og ordførar for å gjere, m.a. på heimesidene til Kvam herad. Kontrollutvalet
handsama fleire av spørsmåla som vi reiste, og gav oss delvis medhald. Kommunen bør betre sine rutinar for sjekk av habilitet.
Areal til oppdrett vart til slutt vedtatt inn i kommuneplanen av heradsstyret med ei stemmes overvekt. Vi har krevd lovlegkontroll av vedtaket grunna sakshandsamingsfeil, ikkje høyring av ny lokalitet. (ikkje avgjort i 2019) Representanten har stilt spørsmål om tolking av kritikkverdige forhold, om garderobetilbud for besøknade på sykkel, innspel til budsjett og interpellasjon om erklæring av klimakrise.
MDG har vore Kvam herad sin representant i Lyntogforumet og medlem i syret i Grannehjelpa.
Etter valet i 2019 forsøkte vi å få samarbeid med SV/R om plass i formannskapet, dette førte ikkje fram og vi inngjekk samarbeid med fleirtalskoalisjonenfekk for plass i formannskapet.
1.kandidat Natalia vart og gruppeleiar i Fylkestinget for MDG og fekk rolle som varaordførar.
Som fulltidspolitikar er det vanskeleg å ha plass i formannskapet. Kari vart vår repr i
formannskapet og 1.vara Otto er meir aktiv enn vanleg vara i heradsstyret.