Årsmelding 2016 i Miljøpartiet dei Grøne i Kvam

Årsmelding 2016 MDG-Kvam
Årsmøtet 2016 var avhalde 31.januar på Rådhuset i Norheimsund,valkomité valt på årsmøtet: Edmund Larsen og Natalia Golis.

Styret og styremøter
Styret i 2016 har bestått av Nick Christensen (IT ansvarleg), Lars Kristian Skår, Klaus Rasmussen, Kari Mostad (kasserar) og Heidi Richardson (leiar). Knut Njaa og Oddvar Soldal har vore vara. Styret har i løpet av 2016 hatt 7 styremøter. Dei fleste av desse møta hadde me i forkant av formannskaps-møta for slik å få høve til å drøfta dei sakene som har stått på heradets agenda.

Arbeidet i heradsstyret/ formannskapet
Kari Mostad representerer MDG i heradsstyret, og har møtt i 6 møter i 2016. 2. vara Otto Thillmann har møtt på eit møte. Ho er og MDG sin faste representert i Formannskapet. Ho har møtt i 7 møte, vara Helge Karlsøen Venstre, har møtt på to møte. Kari Mostad er gruppeleiar og medlem i valkomiteen, elles representant i administrasjonsutvalet (1 møte), og vara i styret til Grannehjelpa. MDG er ein del av opposisjonen og har hatt faste blokk-møte med SV og V før formannskapsmøta.

MDG har i løpet av året stilt 2 spørsmål til rådmannen i heradstyret. Eit prinsipielt spørsmål om bygginga av leilegheitskomplekset ved Strandvegen i Norheimsund og eit spørsmål om kommunen si handtering av initiativet frå Eritreisk foreining om organiseringa av morsmålsundervisninga.

MDG har hatt innspel til saker for å få ein tydelegare miljøprofil. I budsjetthandsaminga i haust fekk me gjennomslag for at heradet gjer ein gjennomgang for kva som skal til for å ta i bruk el-bilar som tenestebilar i kommunen. Vi fekk og gjennomslag for innføring av kildesortering i kommunale bygg. Det vart og løyvd midlar frå næringsfondet for å få til ei satsing på sykkelutleige til besøkande i samband med at fleire sykkelvegar sentralt i kommunen har vorte ferdigstilt.

Arbeidet i fylkestinget
Lokallagsmedlem Natalia Golis er ein av MDG sine 3 representantar på fylkestinget, ho er medlem i miljø- og samferdselsutvalet.

Lesarinnlegg
Styret har drøfta ei rekke politiske saker, og me har sendt inn 7 lesarinnlegg til lokalavisa. Titlane for desse lesarinnlegga var:
• Statsråd for olje og energi må gå.
• Øystese vassdraget, ein lokal og nasjonal skatt.
• Grønt skifte også for blå sektor
• Søppelvisjonar
• Sikre villaksen – Hardangerfjorden har gitt nok.
• Fosilfri bilpark – for budsjett og miljøet.
• Bruk av plastendar i andeløp.
Ut over dette har MDG blitt referert til i lokalavisa ei rekke gonger.

Medlemsmøter
Det har vore arrangert 3 medlemsmøter i løpet av året. I juni arrangerte me ei sommaravslutning ute, i ausande regnver! Men me var ein gjeng som hygga oss med god mat og politisk diskusjon, under ein stor presenning, på Soldal.
Den 28. september arrangerte me eit medlemsmøte for å gje medlemmane informasjon og mogelegheit til å koma med innspel til Miljøpartiets programarbeid. Karina Reigstad frå programkomiteen kom og presenterte programmet, etterpå vart det diskusjon og kakespising! I etterkant av møtet vart det utarbeida eit høyringsinnspel til programkomiteen, som også vart sendt til Fylkesstyret.

Den 16. desember inviterte me alle medlemane til juleavslutning i kafeen på HFS. Her vart det talar, diskusjonar og ikkje minst hygge og mykje god mat og drikke.

Politisk markering
Laurdag den 19. november arrangerte me ei punktmarkering i sentrum for å markera motstand mot framveksten av høgrekreftane både i Europa og USA. I appellane vart det oppfordra til toleranse, god politisk debatt og demokratisk tenking . Om lag 60 personar møtte opp for å høyre på appellane.

Anna partiaktivitet
Medlemmar av Kvam MDG har deltatt i ei rekke møter i regi av partiet. På det ordinære fylkesårsmøtet i 2017 møtte 6 personar frå lokallaget. Kari Mostad og Heidi Richardson var delegatar på landsmøtet 2016, Natalia Golis var observatør. Kari Mostad deltok i folkevaltsamlinga i Oslo 17.- 18.september. 3 medlem deltok på nominasjonsmøte og den lokale folkevaldsamlinga i Bergen i november. Kari Mostad er medlem i Grønt Kvinnenettverk GK, eit organ som har vorte oppretta uformelt i Hordaland og medlem av gruppa som arrangerer grøn likestillingskonferanse i Bergen 11.feb. 2017. Kari Mostad har vore medlem i MDG Hordaland sin nominasjonskomité. Natalia Golis har i 2016 vore fylkesleiar for MDG Hordaland og Natalia Golis vart nominert og vald som andre kandidat på Hordalandslista til Stortinget 2017 .

Vaksenopplæringa utfordra politiske parti til å halde eit opplegg med vaksenopplæringa i byrjinga av august. 3 medlem deltok på dette opplegget. Grunna mykje nedbør vart tur på blåbærskogen endra til eit inne-opplegg der bruk av naturen og påkledning var kopla formidling av viktige politiske saker.

Heidi Richardson, leiar.