Blokkpolitikken skadar klima og miljø

tom Miljøpartiet Dei Grøne er no i framgang og konsekvensane av dette blir no mykje diskutert og politikken vår saumfart både av høgre og venstresida. At klimaverstingane Frp, Høgre og Arbeiderpartiet kritiserer oss, er forventa. Dei har eit program for klimapolitikken som forskarar lenge har åtvara mot. Det er meir overraskande at også representantar frå parti som seier klimapolitikk er viktig, Venstre og SV, prøver å så tvil om MDG sin politikk. Eit av argumenta som blir brukt mot oss er at me ikkje før valet seier klart frå kva regjeringsalternativ me vil støtta.

Ein grunn er at det fyrst etter valet er mogeleg å vita kva alternativ som er aktuelle. Me finn det ikkje formålstenleg å knyta seg til ei av dei noverande blokkene i norsk politikk før valet. Blokkpolitikken har alt for lenge hindra ein radikal klimapolitikk som klimaforskarar lenge har fortalt oss at det hastar å få på plass. Dei Grøne vil samarbeida med dei partia som vil gje oss mest mogeleg gjennomslag for våre hovudsaker. Sidan Frp har ein politikk som på dei fleste område er så diametralt motsett av det Dei Grøne står for, er det heilt uaktuelt å støtta ei regjering der Frp er med.

Dei Grøne er i ferd med å skapa ein tredje veg for at alle som har forstått kor alvorlege klimaendringane er, kan samarbeida kring ein grøn pol i politikken. Slik kunne ein bidra til endring av vekstpolitikken som er den dominerande tankegangen, både på blå og raud side, men som mange økonomar no ser må reformerast.

Dei fleste er vel samde om at SV i klimapolitikken har oppnådd lite og at dei er blitt overkøyrt av Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Det er då underleg at Venstre og Krf synest å tru at dei vil oppnå meir i klimapolitikken i regjeringssamarbeidet dei ser for seg med Høgre, eit parti som i partiprogrammet seier at «tiltak for økt utvinning haster… Alternativt risikerer me at store verdier blir liggende i bakken».

Korleis kan Venstre tru at dei skal få gjennomslag for ein sterk reduksjon i oljeutvinninga i samarbeid med eit parti som har programfesta det motsette av det som klimaforskarar og ei samla miljørørsle seier er naudsynt? Om også Frp skal vera med i dette samarbeidet er utsiktene for klimapolitikken svært alvorlege. Oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja vil då vera umogleg å stogga. Forstår ikkje Venstre at dei i eit regjeringssamarbeid med Høgre og i verste fall Frp, kan lida same skjebne som SV har gjort i regjering samen med AP?

Når dette er sagt: For miljøbevisste må det vera grunn til å jubla over meiningsmålingar som kan tyda på at både Dei Grøne, SV og Venstre vil koma over sperregrensa, med 8-10 stortingsrepresentantar kvar. Ei gruppe på rundt 30 som alle vil krevja ein mykje meir ambisiøs klimapolitikk enn det Arbeiderpartiet, Høgre og Frp står for, vil nødvendigvis skapa større merksemd om miljø og klima i norsk politikk.

Dette vil endra tyngepunktet på Stortinget sterkt i miljøvenleg retning. I ei slik samling kring ein grøn pol der desse partia samarbeider, kunne etter kvart både eit «Borten Moe-fritt» Senterparti og Kristeleg Folkeparti verta med. Eit slik nytt sentrum på vippen i Stortinget kunne verkeleg pressa ei regjering, anten ho er blå eller raud, til betre løysingar i klima- og miljøpolitikken.

Tom Sverre Tomren og Kari Mostad MDG