Fotocredit:

Årsmelding 2017 MDG-Kvam

Årsmøtet 2017 var  12.januar på Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund.

 

25. januar, 2018

Styret og styremøter
Styret i 2017 har bestått av Nick Christensen (IT ansvarleg),  Lars Kristian Skår, Klaus Rasmussen, Kari Mostad (kasserar) og Heidi Richardson (leiar).  Knut Njaa og  Oddvar Soldal har vore vara. Styret har i løpet av 2017 hatt 7 styremøter. Dei fleste av desse møta hadde me i forkant av formannskapsmøta for slik å få høve til å drøfta dei sakene som har stått på heradets agenda.

Medlem: lokallaget har 26 medlem, det er ein nedgang på 5 frå 2016.

Valkomité

Valkomité valt på årsmøtet: Edmund Larsen og Natalia Golis.

Arbeidet i heradsstyret/ formannskapet

Kari Mostad representerer MDG i heradsstyret, og er fast  representant i Formannskapet. Ho møtte på alle formannskapsmøte 10 stk, inkludert budsjettkonferanse, kommuneplan konferanse, Hardingtinget og deltatt på KS samling i Oslo. Den faste representanten har deltatt på 4 av seks heradsstyremøte. 1.vara Edmund Larsen møtte 2.mai og 13.juni.  Kari Mostad er  gruppeleiar og medlem i valkomiteen, elles representant i administrasjonsutvalet, og frå november fast styremedlem i stiftinga Grannehjelpa.  Ho var representant i arbeidsutvalet som laga nye etiske retningsliner for politikarar i Kvam.  MDG har og deltatt på Hardanger konferansen, Hardangerfjordseminaret, klart språk seminar i regi av Kvam herad og miljøkommune-samling i regi av Fylkesmannen. MDG er ein del av opposisjonen og har hatt faste blokk-møte med SV og Venstre før formannskapsmøta.

MDG har i løpet av året fremja forslag for enklare løysingar for fylkesveg 7, fremja forslag for jordvern, stilt interpellasjon om vasskuter – noko som gav resultat i vedtak om å nytte KS til hjelp for ny vasskuter forskrift. Arbeidd for Kystsoneplan med gjennomslag på to punkt. MDG laga eit fellesfamlegg med SV til budsjettet for 2018 med forslag om m.a. auke tal barnehageplasser, jordvern, beter infrastruktur for gåande og syklande.

Arbeid med kommuneplanen: MDG har jobba med kommuneplana, men fekk ikkje innspel til vedtaket i Formannskapet

Lesarinnlegg

Styret har drøfta ei rekke politiske saker, og me hatt 5 lesarinnlegg i lokalavisa. Titlane  for desse lesarinnlegga var:

  • Villaksgenbanken må fullfinansierast no!
  • Stopp den omfattande kjemiekaliebruken i havbruksnæringa
  • Oppdrettsnæringa er langt frå å vere berekraftig
  • Kvammasnakken om Kvammapakken.
  • Budsjettframlegg frå MDG og SV

Ut over dette har MDG blitt referert til i lokalavisa ei rekke gonger, og innlegg frå fylkesnivå har vore på trykk.

Medlemsmøte

Ut over årsmøtet har vi arrangert 5-6 medlemsmøte i 2017. I mars arrangerte me eit medlemsmøte kor listetoppane Arild Hermstad og Natalia Golis for Hordalandslista til stortingsvalet presenterte seg sjølv, og kva dei meinte var dei viktige sakene i den komande valkampen. 6. mai deltok MDG i den nasjonale ryddedagen og laga ryddedugnad i Asalvika på Ljones, 10-15  medlem deltok i plukking av plastsøppel. Den 10. august arrangerte me eit oppvarmingsmøte til valkampen for medlemane. På sjølve valdagen held me valvake. I løpet av hausten inviterte me til eit medlemsmøte om arealdelen i kommuneplanen som skal vedtakast i løpet av 2018, og 25.november til budsjettmøte med leiar i fylkestingsgruppa Tom Sverre Tomren.  Den 15. desember inviterte  me alle medlemane til juleavslutning hos Ingunn Undrum. Her vart det diskusjonar og ikkje minst hygge og mykje god mat og drikke.

Valkampen 2017

I samanheng med stortingsvalet 2017 nedsatte styret eit valkamputval på 4 personar; Kari Mostad, Oddvar Soldal, Ingunn Undrum og Heidi Richardson, som organiserte valkampen. Det var laga to sykkeltrallar som markerte MDG på sykkel. Vi hadde mange standar og opna valkampen med sykkeltralle i samband med Hardingaløp. MDG Kvam hadde stands i sentrum av Norheimsund 5 laurdagar og 2 torsdagar, i Øystese 4 laurdagar og 1 torsdagar, 1 sundag på Sjusete og 1 laurdag i Ålvik. KDG Kvam var også delaktig i “kloderulling”, der kloden vart rodd frå Norheimsund til Øystese.

Rasmus Hansson og Arild Hermstad var på besøk m.a. på Fjellstrand og i Ørredalsfossen, dette fikk vi god dekking av i HF.

Lokalpartiet var med på å tilretteleggja for listetoppanes turne gjennom distriktet som del av valkampen. Me hjalp også til med transport av ungdomskandidatar og stand under skuledebattane i distriktet. Miljøpartiet tok initiativet til det einaste og sto som arrangør av eit politisk debattmøte, som vart gjennomført den 4. september med deltagelse frå alle partia som stilte liste i Hordaland.

Over 20 medlem/sympatisører var delaktige i løpet av valkampen.

Trass i stor aktivitet og innsats i valkampen fekk ikkje MDG direktemandat frå Hordaland Valresultatet: 3,5% oppslutning = totalt 10476 stemmer, opp 0,3%. I Kvam stemte 3,3% MDG noko som tilsvarer 164 stemmer, opp 0,1%.

Anna parti-aktivitet

Lokallagsmedlem Natalia Golis er ein av MDG sine 3 representantar på fylkestinget i Hordaland, ho er medlem i miljø- og samferdselsutvalet.  Natalia Golis er og fylkesleiar for MDG Hordaland, sit i landsstyret, var andrekandidat på Stortingslista i 2017 og sentral i valkampen i Hordaland.

Andre medlem av Kvam MDG har deltatt på møter i regi av partiet i Bergen. På fylkesårsmøtet i 2017 møtte to personar frå Kvam kor vi og fremma ein resolusjon om oppdrett som vart vedtatt. Lars Kristian skår var delegat på landsmøtet 2017, også Natalia Golis var på landsmøtet. Kari Mostad deltok i Grønt Kvinnenettverk GK, og var med på å arrangerer grøn likestillingskonferanse i Bergen i februar. Ho har og vore leiar i MDG Hordaland sin valkomite.

Økonomi:

Kvam MDG er nøysame og gjer mykje på dugnad, difor kjem ikkje dei store summane i omløp på kontoen. Pga tilskot gjennom partistøtte og støtte frå Kvam herad har vi no auka inntektene. Vi har eit driftsoverskot på 4448,- i 2017. Totalt på konto 8855.

Heidi Richardson, leiar.