Sprei bodskapen

Me vil gjera stortingsvalet i 2013 til eit miljøval og eit vegskilje i norsk politikk. Til det treng me mange støttespelarar!

Som eit lite parti er jungeltelegrafen vår beste ven. Passer det ikkje å verta medlem? Bli med på gjennombrotet som nabo, venn og kollega.

1. SNAKK OM OSS
Sprei ordet om ei veksande grøn stemme i norsk politikk. Likar du nettsidene våre, arbeid i kommunestyre eller innlegg i en engasjerande debatt? Del det med vener og kollegaer i lunsjen, over kaffien eller på bussen på veg heim.

2. ANBEFAL OSS PÅ FACEBOOK
Me er lette å finne i sosiale media og oppdaterar både Facebook og Twitter dagleg med nyhende frå arbeidet vårt. Fylj den nasjonale Facebook-sida og Twitter-kontoen vår, og del dei med dei du kjenner. Dei fleste av fylkes- og lokallaga har Facebook-sider.

3. SPØR ETTER OSS
Viss du saknar oss, gjer sannsynlegvis også andre det. Me er i dag eit landsdekkande parti med nesten 3000 medlem, 80 lokallag og 21 lokale folkevalde frå Tromsø i nord til Mandal i sør. Likevel må me jobbe for å verta synliggjorde på lik linje med andre parti. Sei frå til redaksjonar som ikkje tek oss med i opinionsmålingar, og tips om oss der me manglar i debattpanel. Er du på Facebook, slutt deg til 3000 andre i gruppa for oss som vil sjå Miljøpartiet Dei Grøne på meiningsmålingane.