Fotocredit:

Problematisk kommuneplan 2018

Kommunane er pålagt å ha ein gjeldande kommuneplan. Sidan siste plan gjaldt t.o.m. 2014 er vi i Kvam såpass på overtid at det ligg eit viss press på oss alle å få den på plass.

Rådmannen la fram sitt forslag for formannskapet (FSK) 27/11 2017, men FSK var så kritisk til forslaget at det enda med at den vart trekt attende for vidare handsaming. MDG støtta ikkje forslaget, då det skaper ein uryddig prosess som vert vanskeleg å forhalde seg til og gjev eit demokratisk underskot, noko vi også har sett døme på.

 

Oppdrett og forvaltningsansvar for fjorden. Kommuneplana legg opp til ei storstilt utviding av areal til akvakultur, total er utvidinga på heile 2216,8 daa. Ikkje noko tiltak har tilsvarande auke i arealabruk i det framlagde utkastet til kommuneplan. Det står ikkje i forhold til ‘raudt lys’ for utviding av  oppdrettsnæringa i fjorden. Den største utvidinga gjeld 500 daa ny lokalitet ved Kjeaskorberget i Ålvik, på grensa til Granvin. MDG meiner det med dagens teknologi er svært uheldig å legge til rette for oppdrett så langt inne i fjordbassenget. Det tek i bruk nye område og gjev auka press på villfisken.

Den nylig vedtekne regionale kystsoneplanen avviste å legge ut areal ved Kvamsøy til akvakultur. Lokaliteten er problematisk både med omsyn til forvaltning av friluftsliv, kystleden, kulturlandskap og fjordlandskap. Etter at kommuneplanforslaget no har vore under revisjon med repr. Frå Sp og Frp, er Kvamsøy tatt inn som lokalitet for oppdrett! Grunngjevinga frå politisk hald skal vere at ein ynskjer seg ein meir ‘næringsretta plan’. I fylgje HF er grunngjevinga frå rådmannen at Lingalaks AS har engasjert seg i Hardangerbadet og vil ha visningsanlegg ved Kvamsøy.  MDG meiner prosessen her er heilt på grensa til å vere lovleg, og er i det minste svært udemokratisk. Medan andre aktørar som har ynskt å uttale seg om kommuneplanen har fått svar om å vente med innspel til høyringsframlegget er klart, har Lingalaks AS her fått sette premiss for planen. Samstundes har dei har gått inn med pengar i Hardangerbadet. I følgje HF sist fredag har Lingalaks AS fått «sikra ein balansert framstilling». At ein aktør på denne måten dikterer sine interesser i allmenningen og inn i kommuneplanen, er provoserande og i strid med god offentleg forvaltingsskikk. Det er heller ikkje god omdømebygging for nemnde firma. Vanlege konsesjonar vert for tida ikkje gjeve i Hardanger. Som nemnt er signala frå forskingshald og regjering å gje ”raudt lys” og ikkje auka produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland. Vi oppfattar at planlegging av visningsanlegg er ein måte å få tilgang til nye område og nye konsesjonar. Frå Hardangerbadet er visingsanlegget i Fyksesundet like tilgjengeleg som Kvamsøy er,  besøkande til anlegga må uansett ut i båt. Ein fordel med visningsanlegget i Steinstø er at det framleis vil vere tilgjengeleg frå land.

Ein kommuneplan skal ikkje berre leggje til rette for næring, men også vere eit verkemiddel til å ta vare på ressursar og miljø i kommunen. MDG meiner Lingalaks AS og oppdrettsnæringa heller bør bruke kreativiteten og det store økonomiske handlingsrommet sitt til å spele på lag med naturen og forskingsmiljøa og å utvikle lukka anlegg utan å belaste miljøet.

Ta vare på strandsona.

Formålet med strandsona er å sikre allemannsretten og omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og allmenne interesser (jf. plan og bygningslova). I kommuneplanframlegget har ein nytta «funksjonell strandsone», noko som er fornuftig totalt sett , men som MDG meiner her er alt for liberal.  All bebyggelse som allereie ligg inne i 100 metersbeltet ligg no inne i byggegrensa. Då vert det lite funksjonell strandsone tilbake i kommunen. Argumentet for å legge alle eigedomar inn i byggesona, er mellom anna på faren for at ein eigedom ikkje vil kunne byggast opp att t.d. ved ein brann, det vil krevje dispensasjon frå kommuneplana. Eg må spørje: Kor ofte brenn det eigentleg i Kvam? MDG finn denne omsorga noko underleg. Omsynet til slike særskilte høve vert dermed viktigare enn omsynet til å ivareta strandsona for ålmenta og framtidig utvikling. For å bøte på den rause byggegrensa prinsippet, ser det ut som om einskilde eigedommar som ikkje er bebygde, er lagt ut til grøntstruktur som kompensasjon. Desse eigedomane må då bere ansvaret og kostnaden for ein generell slapp og unnlatande strandsonepolitikk.

Ta vare på matjorda: Kommuneplanforslaget legg opp til nedbygging av omkring 300 daa jordbruksareal. Nasjonalt er det målsetnad om at ikkje meir enn 4000 daa matjord skal forsvinne årleg, det gjev heile Hordaland fylke ei ‘kvote’ på 240 daa/ år. Vi meiner det er viktig at jordbrukskommunen Kvam tek jordvern innover seg i kommuneplanen. MDG støtter forslaget i føresegnene om at det før utbygging skal gjerast greie for handtering av jordressursane. Jord frå «jordbruksareal som vert bygd ut skal sikrast ein forsvarleg attbruk i nærområdet, primært til jordbruksformål». Samtidig må ikkje dette verte ei sovepute, då vellukka flytting av matjord er krevjande for å få eit godt resultat.  Eit daa matjord tapt, må minimum gje eit tilsvarande nytt areal til matproduksjon. MDG ser i denne samanhengen med undring på at rådmannen ikkje har noko merknad ved det store jorddeponiet i Blåkoll på Soldal i framlegget. Deponiet er no 10-15 år, vart anlagt i ein heimel det har vokse heilt ut av og er no av ein stoleik som skrik etter regulering. Deponiet er eit døme på særs dårleg bruk av jordressursar.

Planlegging tek tid og er fagleg krevjande. Flikking på ein plan er sjeldan særleg godt handverk. Vi meiner rådmannen sitt forslag burde ha vore sendt på høyring i utgangspunktet. Når det ikkje er tilfelle, bør den i alle fall ta omsyn til nettopp vedtekne planer som regional kystsoneplan. Når ein vel å ignorere dette, er sannsynet for motsegn frå Fylkesmannen overhengande. Ein sikker måte å forlenga prosessen på.

Helsing

MDG

Kari Mostad