STOPP VEKSTEN I OPPDRETT

STOPP VEKSTEN I OPPDRETT TIL MILJØPROBLEMA ER LØYST

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) meiner det frå politisk hald må stillas strengare krav til lus, rømming, smitte, dyrevelferd og forureining frå oppdrettsnæringa.
For å sikre at oppdrettsnæringa no tek tak i desse miljøproblema krev MDG at veksten vert stoppa. Ein må no stille forpliktande og føreseielige miljøkrav til oppdrettsnæringa som gjer at drifta vert reelt bærekraftig i løpet av dei neste fem åra. Først når oppdrettsnæringa har gjennomført overgangen til ein bærekraftig produksjon, kan ny vekst tillatas. Gradvis strengare miljøkrav dei neste fem åra vil samtidig stimulere til denne endringa.
MDG ynskjer ei utvikling av kystsamfunnet sitt næringsliv basert på allsidig og høgverdig matproduksjon. Kystnære havområde er i dag ein av våre viktigaste ressursar, med stort potensiale for både hausting av ville artar og produksjon av meir enn berre laks. Kystfisket har historisk vore grunnpilaren i kysten sitt næringsliv, og det må det halde fram med. I tillegg vil MDG ha utvikling av oppdrett av både sjøvekstar, ulike fiskeslag og andre sjødyr. Det biologiske mangfaldet i dei kystnære havområda må sikras. Dette må skje både gjennom eit sterkare vern gjennom nasjonale lovverk, og god arealforvaltning i kommunane.
Einskilde røyster har tidligare tatt til orde for å ofre villaksen til fordel for oppdrettslaksen. Dette skjer no i praksis, om ikkje problema med lus og rømming kommer under kontroll. I dei to største laksebestandane i Sør-Trøndelag, Gaula og Orkla, sank det antatt haustbare overskotet av villaks frå høvesvis 68 og 64 % i 2011 til høvesvis 12 og 1 % i 2013. Slik kortsiktig tenking og mangel på forståing for korleis naturverdiar skal forvaltas grenser til rein miljøkriminalitet. Økt oppdrett av laks må ikkje gå på kostnad av andre framtidige muligheiter ved kysten og i fjordane.
Fiskeoppdrett har vorte dobla langs kysten dei siste ti åra, og verkar som relativt ressurseffektiv matproduksjon, med låge klimagassutslipp. Samstundes har næringa lenge vore ein trussel for både villfiskstammer, økosystem, ressursforvaltning i havet og havbotn stadig fleire stader langs kysten, og i år er situasjonen særskilt kritisk. I 2014 var mengda lakselus smitta over på villaks rekordhøg, og vert no sett som en direkte trussel mot sjøauren si overleving. Resistens mot lusemiddel er på rask frammarsj, og vil innan få år kunne vere fullstendig ute av kontroll. Samtidig er lusemidla si påverknad på reker, krabber og andre skaldyr formidabel. Næringa har hatt mange år på seg til å løyse desse problema; men dei har i staden auka i omfang.
Regjeringa foreslo i juni i år nye, strengare krav til mengda lakselus i norske oppdrettsanlegg .Disse krava er problematiske fordi dei er frivillige, og vil berre gjelde for det mindretalet
aktørar som ynskjer å delta. Samtidig legg dei gamle grensene for lakselus fast, noko som
betyr at regjeringas krav vil bety lite for å løyse luseproblemet. I tillegg vil den forventa
temperaturaukinga i havet grunna klimaendringar, gje ei auka reproduksjon hos lakselus, og vil vere ein negativ tilleggsfaktor til disse utfordringane. All røynsle viser at strenge krav
stimulerer teknologisk utvikling. Skal oppdrettsnæringa verte ein berekraftig næring, må
mykje gjerast. Framtidas oppdrett må skje på ein slik måte at sjukdomsspreiing mellom
oppdrettsfisk og villfisk ikkje skjer. Det vil med dagens tilgjengelige teknologi sei lukka anlegg eller teknologi med tilsvarande miljøstandard.

Vennleg helsing
Miljøpartiet Dei Grøne
Styret i Kvam V/ Kari Mostad