Resolusjon / uttale frå Kvam MDG sitt årsmøte for 2015

Statsråd for olje og energi Tord Lien må gå!
Paris-avtalen forpliktar Noreg til å gjennomføre det grøne skiftet.
Statsråd for Olje- og energidepartementet Tord Lien håper og trur Noreg kjem til å oppretthalde dagens nivå på energiproduksjon, og eksport frå norsk sokkel.

2. februar, 2016

Statsråden uttalar i eit intervju med Dagbladet at det er «fullstendig skivebom å bestemme hvilke arealer som skal utredes for oljeutvinning». Tord Lien seier vidare at «det er markedet som må styre nivået på norsk oljeproduksjon, ikke politikerene.»

Lien uttalar dette få dagar etter at Noreg har forplikta seg til klimakutt gjennom den historiske Paris-avtalen. Med sine kommentarar trer Lien fram som ein ekte klimacowboy, og Noreg er ikkje tent med ein statsråd som er heilt i utakt både med samtida og alle internasjonale signaler og avtalar.

Miljøpartiet dei Grøne i Kvam meiner at olje- og gass – interessene alt for lenge har fått styre norsk økonomi. Målet om å avgrense temperaturauken på jorda til 1,5 grader påverkar alle norske planer for utvinning av olje- og gass. Klimamålet må overstyra eigeninteressene for olje- og gassnæringa. Miljøpartiet dei Grøne i Kvam meiner difor at Noreg no treng ein statsråd med større fokus på «energi», og mindre på «olje og gass». Me treng ein statsråd som forstår utfordringane vi står ovanfor, og som har eit meir langsiktig fokus.

Noregs største energipotensiale ligg ikkje i ei auke av produksjonen av olje og gass.
Vårt generelle energiforbruk må ned, og me treng ein ny tankegang der insentivet ligg i sparing, smarte løysingar og nyskaping, og ikkje i framleis auka forbruk. Det grøne skiftet betyr å styre utviklinga vekk frå den ekstreme energisløsinga som OED i dag støttar.