Leser innlegg om medisinbruken i oppdrett

Diverre tek ikkje Miljøpartiet dei grøne feil når det gjeld den påviste bruken av blandingsmedisinering mot lakselus i oppdrettsnæringa. I oppslag i media  stadfestar også fagfolk at bruken har vore ute av kontroll. i ein del tilfelle. Det er også skremmande at skadane av  ei slik blandingsmedisinering ikkje let seg spora i dei tilfelle medisinen har teke knekken på  andre  krepsdyr enn lakselus.

22. februar, 2017

Det er godt å høyra at medisinbruken er på veg ned. Som Lingalaks skriv i i HF 10. februar i år: ”siste trend i havbruksnæringa er absolutt ikkje kjemikaliebaserte cocktails”. Den formuleringa gjev grunn til å spørja om medisinblandinga har vore ein trend tidlegare og om slik medisinering har vore brukt hos Lingalaks eller andre stader i Hardangerfjorden.

Lingalaks skriv også at legemiddelbruken i oppdrettsnæringa har gått ned med 41 prosent i fjor. Prosentrekning gjev lita meining i seg sjølv. Spørsmålet er kva nivå medisinbruken har gått ned frå og kva virkestoff det er snakk om. Som vist ovafor er det også viktig å vita kva medisinblandingar som har vorte  brukt.

Det er også godt å få vita at talet på registrerte lakselus pr fisk i oppdrett går ned.  Lingalaks skriv likevel ikkje kor mykje som er registrert til ulike tider på året. Når det gjeld registrert lakselus på vill laks og sjøaure viser Havforskingsinstituttet sitt overvåkingsprogram for lakselus på vill laksefisk (NALO) for 2016 at det i Hardanger var større område enn tidlegare med moderat til høgt smittepress i utvandringsperioden, mai månad,  for vill laksesmolt.

Innlegget frå Lingalaks er prega av runde formuleringar og gode ynskje. Veterinærinstituttet som Lingalaks også refererer til,  er meir konkret. I den siste Fiskehelserapporten, 2015, vert det skrive: ”Lakselus er i dag den største utfordringen for norsk lakseoppdrett, og utvikling av ressitens mot legemidler er det vanskeligste problemet å håndtere” og vidare  ”gjennomsnittet av ukesvis innrapporterte lakselustall for hele landet viser i 2015 som i 2014 noe høyere lusetall på vårparten sammenlignet med tidligere år.

Det er difor naturleg å spørja om Lingalaks vil fortelja meir om den gode utviklinga i vårt område samanlikna med resten av landet?

I samband behandling av laks for å verta kvitt lakselus, er det også naturleg å sjå på dyrevelferda. Eit mål som vert brukt av Veterinærinstituttet er kor mykje laks og aure som døyr og forsinn av andre grunnar medan fisken er i sjøen. Tal frå Fiskeridirektoratet offentleggjort i Veterinærinstituttet sin rapport, viser at 16 prosent, 46 millionar fiskar, vert rekna som svinn i lakseoppdrett frå dei vert sett i sjøen til dei vert slakta. For regnbogeaure er svinnet 24 prosent, eller 3,8 millionar fiskar. Veterinærinstituttet er bekymra for dyrevelferda og reknar med handtering og behandling i kampen mot lus kan vera ein av grunnane til det store svinnet. I all annan husdyrproduksjon ville slike tapstal fått alarmklokkene til å ringja.

Lingalaks meiner at Miljøpartiet dei grøne bør støtta berekraftig lakseoppdrett. Me kan lova at partiet vil fylgja med på oppdrett vidare og seia frå når det er berekraftig.  I dette innlegget har me berre vore litt innom lakselus og dyrevelferd. Andre viktige utfordringar som rømming og ureining av spillfor og fiskemøk er også svært alvorlege. Det er langt igjen før det er ei berekraftig næring.

Miljøpartiet dei grøne i Kvam