Kvam på Fylkestinget

Natalia A. Golis kan bli den einaste fylkespolitikaren frå Kvam i Hordaland Fylkesting.
Ho går til val som 2. kandidat for Miljøpartiet dei Grøne og for sin andre periode på Fylkestinget.

2. september, 2015

2. kandidat for Hordaland
2. kandidat for Hordaland

Natalia håpar tydinga av fylkespolitikken vil kome betre fram. Med ein eventuelt ny region på Vestlandet etter kommunereforma er det naudsynt å tenkje utover kommunegrensene.
– I Kvam og Hardanger må me ha sikre vegar til pendling mellom dei ulike sentra, og til Bergen. MDG
er imot auka bilisme og vil vi satsa meir på kollektivtrafikk, spesielt i byane. Men i distrikta treng ein gode vegar med god rassikring, seier Natalia. Utvikling av arbeidsplassar i distrikta er også viktig for MDG. – Eg vil jobba for å legga til rette for privat innovasjon og nyskaping i distriktet. Det er også viktig å jobbe for at fleire statlege arbeidsplassar vert lagt til regionen. Vi vil være regionens grøne stemme inn mot Oslo. Arbeidsplassar knytt til jordbruket er viktige. Hardanger har eit globalt ansvar for å auka matproduksjonen
i verda. Også utvikling av eit grønt reiseliv er viktig for Hardanger. MDG meiner også det er viktig å behalde dei vidaregåande skulane i distrikta. Ungdommane er viktige for livskraftige lokalsamfunn.
– Miljøpartiet har vore ei positiv kraft i fylkespolitikken denne siste perioden, sler Natalia fast.
– Me har mellom anna fått gjennomslag for at all fylkeskommunal transport skal nytta seg av best
mogleg miljøteknologi, seier ho. På meiningsmålingar ligg MDG an til å få fleire representantar inn på fylkestinget. Med tanke på kva partiet har fått til i siste periode med ein valt representant, lovar det godt for den grøne stemma.
– Om du gjev oss di røyst, så skal me arbeida beinhardt for det grøne skiftet på fylkesnivå, og
syna kva det faktisk vil bety for både by og bygd.