Kva skal eg velje?

kariEg kunne ikkje unngå å kjenne meg litt igjen i innlegget til Arne Tufteland, i HF 6.august. Då eg i vår samtalte med naboen om haustens Stortingsval, vart alle partia på Tinget forkasta av oss. Og hovudgrunnen var klar: overordna oppgåve som treng fokus og løysing er i alt for liten grad på dagsorden.

Tufteland oppgjev sine grunnar for vanskar med valet, for meg er det omsynet til natur, ressursgrunnlag og miljøutfordringane som veg tyngst. Og eg har undra meg i mange år allereie; kvifor skjer det ikkje noko?
Kortversonen: FNs klimapanel seier at vi må stoppe veksten i CO2 utslepp innan 2015, skal vi klare å avgrense auke i gjennomsnitt temperatur på kloden til 2 grader. Innan 2050 må dagens utslepp vera minimum halvert. Det betyr at vi har svært kort tid på oss til å endre politikk for å unngå dramatiske fylgjer. Det internasjonale energibyrået IEA seier at 2/3 av alle kjente olje/gass/kol reserver må verta der dei er, under jorda, om to graders målet skal nås. (til info: IEA er ikkje ein miljøorganisasjon!)
Alle partia – mogleg med unntak av FrP – seier i sine program at miljøsaka er svært viktig. Jens Stoltenberg: ”Det er ikke for sent, men vi har veldig dårlig tid hvis vi skal unngå irreversible endringer i naturen”. Men kva skjer?
Eit samrøystes Storting vedtok i Oljemeldinga i 2012 å halda fram oljeutvinninga i same tempo som før. Etter 8 år med miljøpartiet SV i regjering, førebur styresmaktene opning av Lofoten og Vesterålen for oljeboring. Området er gyteplass for verdas siste store torskestamme. Skreifisket i Lofoten har vore ei viktig inntektskjelde og næringsgrunnlag for Noreg i mange hundre år. I dette området vil våre leiarar prioritera utvinning av olje! Olje og energiministeren i regjeringa SV er med i, heiter Ola Borten Moe . Om vi held fram med sittande regjering eller skifter til høgre betyr det sannsynlegvis svært lite for kva som skjer i Lofoten.
Felles for alle partia på Stortinget er at dei har vekst i økonomien som målsetning. Dette går på tvers av kunnskap vi har om ressursgrunnlag og evna kloden vår har til å vera resipient for avfall, altså svelgje unna forureining. Dette er kortsiktig politikk ovanfor kommande slekter og det er urettferdig for resten av verda som ikkje har ein velferd og levestandard som vår. Auka vekst er heller ikkje svaret for betre livskvalitet for innbyggarane.
Då Venstre vart oppretta som det fyrste politiske parti i 1884 var det ei hjørnestein for utvikling av demokratiske rettar og norsk kultur. Då arbeidarpartiet kom til makta i 1935 var dette avgjerande for fordeling av godar, velferd og sosiale rettar for innbyggarane i Noreg. No er ikkje auka vekst lengre eit mål for eit betre samfunn eller liv for innbyggarane, no er tida komen for å innføra ein økologisk berekraftig politikk for å sikre verdiane våre og ta vare på framtida . Eg tykkjer Tufteland i innlegget sitt billedgjer korleis blokkpolitikken mellom høgre og venstre forheld seg til gårsdagens verkelegheit når han skriv ”begge partia (Ap og H) minner meg mest om utslitne festplagg frå farne tider”.
Sidan MDG ser ut til å få ei stor oppslutning ved dette valet, kan det sjå ut som om vi er mange som meiner tida er moden for ein ny, grøn politikk. Eg er ikkje i tvil om kva eg skal stemma! Godt val!
Kari Mostad, for MDG Kvam

Leser innlegg til Hordaland Folkeblad 23/08