Fossilfri bilpark –for budsjettet og miljøet.

29. november, 2016

I samband med budsjettarbeidet for 2017 vil MDG Kvam foreslå, med støtte frå SV og V, å starte opp arbeidet for å bytte ut den kommunale bilparken med fossilfrie alternativ. Motivasjonen er både å være med i den nasjonale dugnaden for redusert utslepp av klimagassar, og å finne områder for innsparingar i budsjettet. Kommunen disponerer mange bilar for å gje best mogleg tenester . Pleie og Omsorg (PLO) har til dømes mellom 25 -30 bilar til den daglege drifta. Utgiftene knytt til drivstoff er i storleik 750 000 kr årleg. Jf. eigen røynsle med elbil kontra fossilbil utgjer utgiftene til energi for ein elbil om lag 20 – 25% av utgiftene til drivstoff til fossilbil. Ei omlegging til elbil i PLO vil potensielt gje ei innsparing på drifta kring 5-600 000. Viktige midlar som gjer oss i stand til å gjennomføre fleire miljøtiltak. Kommunen leasar dei fleste bilane dei disponerer, det er difor ikkje store kostnadar knytt til bytte av bilpark. Utfordringane ligg i struktur og planlegging, ein treng relevante ladepunkt som kan nyttast når bilane er i bruk i løpet av dagen. Dette har andre kommunar alt vist  det er mogleg å løyse. Dessutan er elbilteknologien i stadig utvikling; i desse dagar kjem dei enkle elbilmodellane (dei som ikkje er i Tesla klassen) med batteri med 50% lengre rekkevidde enn dagens modellar.

At Kvam herad også skal delta i arbeidet for å redusere utslepp er viktig for klimaet, men og for omdømet vårt. Stortinget vedtok i vår ei auke i løyvingane til SSB, for å gje tal på årleg utslepp i kommunane. Det gjev oss eit verktøy som gjer det mogleg å måle resultat av arbeidet. Hordaland  fylkeskommune vedtok i klimaplanen frå 2014 ei målsetning om å redusere klimautsleppa med 22% innan 2020 og 40% innan 2030 i høve 1991 tal. I 2015 auka klimautsleppa i Hordaland med 2%. Det viser at det er naudsynt å auke innsatsen i eit arbeid som hastar stadig meir, i dette tilfellet kan det slå positivt ut på budsjettet!

 

Vennleg helsing

Kari Mostad

Kvam MDG