Nedbygging av matjord er uklokt og uforsvarleg

Årsmøtet i Miljøpartiet dei grøne i Kvam 16. januar 2018 vedtok fylgjande fråsegn:

I framlegget til kommuneplanen for Kvam sin arealdel er det sagt at jordvernet skal stå særskilt sterkt i ”lnf-l” område. Det står også at ”i konsekvensutgreiinga for einskildområde er det krav om at matjorda skal takast vare på ved utbygging”.
Likevel legg planen opp til at 214 dekar av dei 11556 dekar god matjord i Kvam kan brukast til utbygging og andre føremål enn matproduksjon. Desse opplysingane får me frå heradet, men dei er ikkje skrivne inn i kommuneplanen. Ein litt usikker statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB)viser at det vart bygd ned 8000 dekar dyrka jord årleg her i landet frå 2004 til 2015. Stortinget har som mål at omdisponeringa av jordbruksareal skal vera nede i 4000 dekar årleg innan 2020.
Miljøpartiet dei grøne (MDG) i Kvam er meiner den planlagde nedbygginga av matjord er uklokt og uforsvarleg. MDG meiner at ein må tenkja og handla både lokalt og globalt. Klimaendringane gjer at me må kutta utslepp. Det vert stadig fleire menneske og me må ta ansvar for å produsera meir mat i Noreg og i Kvam.
Det tek lang tid, gjerne fleire generasjonar, å skapa god matjord. I dei tilfelle arealet skal brukast til andre føremål, må matjorda takast vare på og brukast på nytt jordbruksareal slik at me ikkje får mindre areal til matproduksjon.

Svar på spørmål om nydyrking, driveplikt og nedbygging av matjord